Melding: Hanna Dahl skriv kompromisslaust fram frontkjemparens versjon

Hanna Dahls roman om Waffen SS-veteranen Olav er ei konsekvent utforsking av kunsten og utfordringane som ligg i å fortelle historia frå éin synsvinkel.

KRIGSARKIVET: Norske styrker på veg til Finnmark under frigjøringen høsten 1944. Bildet viser dei allierte. I Hanna Dahls nye roman Kraft blir historia fortalt frå den gamle frontkjemparen Olav sitt perspektiv. ship.
Publisert Sist oppdatert

Korleis er det å vere på heilt feil stad til heilt feil tid? Og er det mogleg å fortelje sant om det mange år etter? Det er ikkje noko mindre enn det den aldrande forteljaren i Hanna Dahls nye roman prøver på. Romanen er ikkje nok ei heroisk krigsskildring. Kraft framstår heller som ei kompromisslaus skildring om og av ein som er på feil side i eit grenseland der det er umogleg å få oversikt.

Pangdebut

Hanna Dahl debuterte med eit brak med novellesamlinga Rønneimperiet i 2015. Dei seks novellene i denne debutboka som av gode grunnar vart nominert til Brageprisen, er svært ulike. Nokre av novellene finn stad i Kosovo, andre i russisk grenseland og nokre i meir heimlege traktar rundt Modum. Ein underliggande tematikk gjennom samlinga er forholdet mellom grenser og språk. Novellene undersøker korleis det er mogleg å setje ord på dei grensene som finst, også mellom menneske og i enkelmenneska. Det dreier seg også om korleis språket sjølv skaper grenser og gjer handlingsromma mindre og meir avgrensa. Gjennom det heile var det tydeleg at forfattaren både hadde god greie på det ho skreiv om og eit sjeldant godt utvikla språkøyre.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP