Lys over sjelens mørke natt

ANMELDELSE: Solstads første bok med religiøse grubleri peikar både bakover og framover i forfattarskapet.

START HER: Dersom du ikkje har lese ei bok av Dag Solstad før, er det kritikar Rolv Nøtvik Jakobsens tips å starte med «Professor Andersens natt».
Publisert Sist oppdatert

Stilt ovafor den nesten umoglege utfordringa om å trekke fram ei bok frå Dags Solstads lange rekke av gode og minneverdige bøker, rekker eg, nesten instinktivt, fram peikefingeren og trekker fram ein roman med svart bokrygg som er plassert nesten nøyaktig midt i den kronologisk ordna Solstad-hylla.

Eg snakkar sjølvsagt om Professor Andersens natt som utkom i 1996, eit halvt forfattarskaps tid etter debuten med Spiraler i 1965. Kvifor akkurat den boka?

Kanskje er grunnen at eg kjenner meg igjen i stader og situasjonar Solstad skildrar? Eg har også vore i Trondheim og på ulike namngitte stader i Oslo fleire gonger, tilmed i den vesle japanske restauranten på Skillebekk, der sushi-kokken Alex starta sin norske karriere, til tider samen med verkelege kollegaer av den fiktive litteraturprofessoren.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS