Les langsamt og om igjen!
Øyvind Rimbereids tiande diktbok er til å tenke med. Den er også uventa spennande og morosam.
TID OG STAD: Øyvind Rimbereids «Hvorfor hjerte nummer to» finn stad i Stavanger på 1970-talet. Han har sjølv lese inn langdiktet som lydbok.
Fredrik Hagen / NTB
Øyvind Rimbereid er ein forvitneleg og prisvinnande lyrikar som har skrive om alt frå orgelmusikk og lovsamlingar til spennande framtidsskildringar i Solaris korrigert (2004). Årets bok Hvorfor hjerte nummer to. Et dikt er ei vakker bok med eit papirklipp av Rimbereids danske diktarkollega H.C. Andersen på omslaget.
Ved første raske gjennomlesing framstår boka som litt gåtefull og som annleis enn trufaste Rimbereid-lesarar hadde forventa. For boka består ikkje av enkeltståande dikt, men av tekstar, skrive vekselvis på bokmål og stavangerdialekt, der to unge, einsame og svært ulike menneske i Stavanger på 1970-talet kjem til orde. Etter kvart utviklar det heile seg til ei samanhengande forteljing.
Lese langsamt
Bestill abonnement her
KJØP