Kristjánsson briljerer på bøljan raud
Er det slik at alt Mímir Kristjánsson tar i, blir til gull? Biografien om Jon Michelet har i alle fall blitt det.
MELDING: Allereie frå bokas åpning er vi gripne av soga om den djupt samansette – og etterkvart folkekjære – Jon Michelet, meinar Emil André Erstad om Mimír Kristjánssons biografi. Bilete er frå 1982.
Øystein Gloppestad
Boka startar ute på bøljan blå, medan Michelet sit på skipet «MS Borgland», der han nettopp har starta karriera si som dekksgut. Midt ute på Atlanterhavet skriv Michelet i dagboka at han vil prøve å forstå kreftene som driv han. «Alt det som er så fordømt dunkelt, og mye av det som er tindrende klart, men som jeg på en måte prøver å skjule. Ikke bare kreftene, men motivene, selve handlingene. Kjærlighet, sjømannsyrket, rastløshet».
Krigsseglarane
Han er på dette tidspunktet framleis tenåring, har ikkje byrja å skrive litterært og veit ikkje kva han vil bruke livet til. Framleis skal det gå mange år før han finn heilt ut av det.