Knausgård opnar portane til dødsriket

Slusene til det hinsidige opnar seg i «Det tredje riket». Få skriv om døden og det evige livet som Karl Ove Knausgård, men han er samtidig i ferd med å tvære ut ein grandios idé.

karl ove knausgård
EVIG LIV: I Karl Ove Knausgårds Det tredje riket sluttar menneska brått å gå inn i døden, samtidig med at ei mystisk stjerne har kome til syne på himmelen. Romanen er den tredje i Morgenstjernen-serien.
Publisert Sist oppdatert

Dødsriket har interessert menneska så lenge vi har levd på jorda. I Det gamle testamentet i Bibelen kan vi lese om «sheol» – «dei døde sin bustad». Termen blei på gresk omsett til «hades», slik vi kjenner dødsriket frå den greske antikken. Guden Hades var son til Kronos og Rhea, barnebarnet til Gaia og Uranos. I norrøn mytologi har vi ein parallell i Hel, dotter av Loke og herskarinne over underverda.

Kven er herre over døden i kristendommen? I eit nyleg essay «Kjøttets ingeniører», peikar Knausgård mot djevelen som innfører av døden i livet. Slutninga er ein smule enkel, for det er Gud som seier til Adam at han skal døy dersom han et av det forbodne treet – dette er Guds første replikk til mennesket i den eine av to skapingssoger i 1. Mosebok.

Samtidig er døden i kristen tenking blitt assosiert med det vonde. Bibelen peikar fram mot den nye himmelen og den nye jorda, der døden ikkje skal vere meir, heller ikkje sorg og lidingar. Då Jesu stod opp frå dei døde, braut han dødsmakta ein gong for alle.

Powered by Labrador CMS