Klassikaren over alle klassikarar
ANMELDELSE: Ovid skreiv «Metamorfoser» i dei dagane Augustus var keisar. No er den første fullstendige norske omsetjinga av storverket klart, og det er blitt eit praktverk.
PRAKTVERK: Tiepolos maleri «Floras triumf» (fra omtrent 1743) skildrer ei scene fra Ovids «Metamorfoser», som er blitt kalt malernes bibel. Eit praktverk, meiner Vårt Lands kritikar om den nye norske omsetjinga.
Wikimedia Commons/Gyldendal
Dette er eit storverk i alle meiningar av ordet: Femten bøker med omlag tolv tusen heksameter-liner på eit lett leseleg norsk, komplett med fotnotar, fyldig register med alle namn på personar og stader, tekstkritiske merknader og ei veldig nyttig oversikt over dei rundt tre hundre forvandlingane som skjer i verket.
Og ikkje å gløyme, eit svært instruktivt og lærerikt forord av gjendiktaren, Thea Selliaas Thorsen. Thorsen, som er professor i klassiske fag ved NTNU og ein internasjonal Ovid-ekspert, skriv at ho, ikkje uventa, har arbeidd i mange år med denne omsetjinga av denne over to tusen år gamle klassikaren.
Det har vore verd å vente på, som det heiter: Det har blitt eit praktverk.