Høgsong og stille bøn frå Leonard Cohen

77-åringen har laga ein bauta av eit album med Old Ideas.

Leonard Cohen har behov for å be om nåde etter eit langt og lidenskapeleg liv. Albumet Old Ideas er ein bauta, meiner vår meldar.
Publisert Sist oppdatert

Den kanadiske poeten og artisten har ikkje gjeve ut noko studioalbum sidan Dear Heather i 2004. Men etter å ha drive omfattande turnéverksemd dei seinare åra, han spelte blant anna på Moldejazz i 2009, har han no spelt inn ti nye songar. Og det er ein manns visdom mot slutten av eit langt liv vi får høyre, spekka med religiøs innsikt og formidla med Cohens sedvanlege ordkunst.

Gamle idear, slik tittelen ville lytt på norsk, signaliserer noko essensielt og likevel upretensiøst. Noko slitesterkt, slik også religiøse ritual er det. Cohen er særs upretensiøs på denne plata, ikkje minst musikalsk, og lagar likevel låtar som blir ståande også når mannen tek farvel for godt.

LES OGSÅ: Cohen æres, men vil ikke stille opp

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS