Hjartevarmt om tid som var
Oskar Stein Bjørlykke byr på truverdige tidsbilete frå krigs- og etterkrigstida i eit vestnorsk bygdesamfunn.
BARNDOMSSKILDRING: Oskar Stein Bjørlykke er aktuell med «Litle meg: historier». Presteforteljingar har vi mange av i norsk litteratur, færre om den spesielle og stundom uklåre sosiale stoda presteungane var i, skriv vår meldar.
Erlend Berge
Oskar Stein Bjørlykke er ein godt vaksen forfattar, fødd i 1939. Det året vart òg eg-personen i den nye boka hans, Litle meg, fødd.
Forfattaren og hans hovudperson Heine Bakke har mangt til felles, både kva gjeld barndoms- og ungdomstid, geografi og interesser som vert til fag.
Både forfattar Bjørlykke og hans Heine Bakke er prestesøner. Kva som er biografisk og kva som er oppdikta, kan eg ikkje seia stort om, men det er nok slik at Bjørlykke nyttar sine minne og røynsler frå oppvekst i ei vestlandsk bygd på 1940- og 50-talet til å skriva historia om norsk krigs- og etterkrigstid frå eit originalt og lite brukt perspektiv.
Bestill abonnement her
KJØP