Historisk framtidsroman

ANMELDELSE: Leseverdig? Spennande? Ellevill? Tankevekkande? Kaliane Bradleys roman er alt dette og litt meir.

IMPONERT: Kaliane Bradley har skrive ein roman om tidsreiser som også har tydeleg preg av 1800-talets klassiske kjærleiksskildringar. Vårt Lands kritikar er imponert.
Publisert Sist oppdatert

Utgangspunktet for den internasjonale boksuksessen Ministeriet for Tid er at det mystiske tidsdepartementet i nær framtid har fått utvikla ein metode for å reise i tid. For å ikkje endre historias gong har ein forsøksvis henta ut historiske personar som var i ferd med å gå under i krigar og naturkatastrofar.

Det dreier seg om ein mann som omkom i eit slag i 1645 under den engelske borgarkrigen, ei kvinne som etter alt å døme døydde i pesten i London tjue år etter, og om ei kvinne som mista livet i den franske revolusjonen i 1793. Dessutan ein offiser som døydde i slaget ved Somme i 1916 og sist, men ikkje minst, om orlogskaptein Graham Gore som saman med 128 andre sjøfolk omkom i ein storstilt britisk oppdagingsekspedisjon i arktiske strøk i 1847.

Alle desse historiske tidsreisarande, emigrantane som dei blir kalla, får tildelt kvar si «bro», ein kontaktperson som skal leve saman med dei og gjere dei skikka til å leve og tilpasse seg eit liv i eit samfunn som er heilt annleis enn det dei kjente frå ei meir og mindre fjern fortid.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP