Hektisk biletskaping

Gunnar Wærness si ord- og biletrike «Kosmos’ beibi» samlar seg kring sivilisasjonskritiske spørsmål om liv og død.

wærness
VISUELL DIKTAR: Som biletskapar, som visuell diktar, er Gunnar Wærness ei imponerande kraft, skriv vår meldar.
Publisert Sist oppdatert

Vi vert slengde inn i eit kvernande mylder av bilete som kan ta pusten frå lesaren alt ved første dikt i Gunnar Wærness si nye diktsamling, Kosmos´ beibi. Poeten er utstyrt med ei slags åndeleg saks som klipper svimlande fort bilete og brokkar av tekst og draumar, limer, riv det heile sund, ristar, og set saman att slik at fortid, notid og framtid, kropp og sjelsliv, tankespinn og røyndom i dei beste dikta eller tekstbrokkane kan få oss til å sjå nye samanhengar.

Denne hektiske biletskapinga er både styrken og veikskapen i samlinga. For det er mykje laust og pratsamt her. Men den som heng med i dei mest ordrike passasjane, finn gullformuleringar som brått glimtar fram.

Gunvor Hofmo

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP