Gyver laus i ein fandenivoldsk og homoerotisk rus
Jonathan August Lengali skildrar ynglingens seksuelle draumar i eit kaotisk og sterkt biletskapande språk.
PØSER PÅ: Eg vender tilbake til det som er Jonathan August Lengali uomtvistelege force: hans uvanleg sterke og djerve biletskaping, skriv vår meldar, som meiner samlinga elles blir for ego-sentrert og kaotisk.
Julianne Leikanger
Ein yngling er ei noko gamalmodig men klangfylt og sansenær nemning for ein person av hankjønn som ikkje lenger er eit barn men heller ikkje fullvaksen mann. Det opnar for å sjå meir tilstand enn alder (ung mann, ungdom), som når til dømes Wergeland skriv «barnedragt fra ynglings skulder glider» eller slik Halldór Laxness skildrar på magisk vis i Únglingurinn í skóginum.
Alt like gyldig
Eg tenkjer at det er dette som har fått ein elles så røft språkmoderne poet som Jonathan August Lengali til å velja ordet som tittel på ei diktsamling som er alt anna enn tradisjonsbunden. Tvert imot: Her gyver han på postmoderne vis laus på etablerte religiøse og etiske normer i ein slags fandenivoldsk homoerotisk rus.