Gnistrande om Erdogans tyrkiske landsfadermord

I over hundre år har Tyrkia prøvd seg på eit ekteskap mellom demokrati og islam. Stian Bromark viser med sterk penn korleis prosjektet heile vegen hadde feil samlivsterapeut.

Tyrkia
TREFFANDE: – Stian Bromarks treffande skildringar aukar forståinga for kvifor Erdoğans hemngjerrige prosjekt har så god gjenklang blant mange konservative og muslimske tyrkarar.
Publisert Sist oppdatert

I 1996 kom det konservative og islamistiske Velferdspartiet i regjering i Tyrkia. Øvst sat ein islamsk predikant ved namn Necmettin Erbakan. Han var då siste utslag i ein nesten hundre år lang drakamp mellom religiøse og sekulære, moderne og tradisjonelle, mellom aust og vest – som hadde føregått heile den tyrkiske republikkens eksistens – heilt tilbake til 1923. Året etter, då den norske presten Kjell Magne Bondevik vart norsk statsminister, hadde det tyrkiske militæret fått nok av dei religiøse forboda mot alkohol og klesrestriksjonar. Generalane tvang Erbakans regjering i senk gjennom «eit mjukt kupp».

Ekteskapet, barnet og legen

Velferdspartiet vart forbode. Erbakans tid var forbi, medan den unge disippelen og Istanbul-ordføraren Recep Tayyip Erdoğan stod klar til å overta. General Çevik Bir var hovudarkitekt bak kuppet, og formulerte seg slik: «I Tyrkia har vi et ekteskap mellom islam og demokrati. Barnet i dette ekteskapet er sekularismen. Dette barnet blir fra tid til annen sykt. Det tyrkiske militæret er legen som redder barnet. Vi gir det medisin avhengig av hvor sykt det er, og sørger for at barnet kommer seg til hektene igjen.»

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP