Gjer den lange linja levande
Barnebibelen Tidslinja har eit ambisiøst utgangspunkt – og eit klokkereint nedslag.
LUKKAST GODT: Framsideillustrasjonen fangar inn eit grunnleggande poeng, nemleg kor vesentleg det er å få tak i heilskapen.
Erlend Berge
Tidslinja, Verbum sin barnebibel frå 2016, er ei særmerkt utgjeving som har eit ambisiøst og svært gjennomarbeidd uttrykk. I tillegg til å fortelja 53 forteljingar frå Det gamle og Det nye testamentet, byr boka på ei faktisk, utbrettbar tidslinje (festa på innsida av omslaget), som gir eit overordna bilete av Bibelens historielinje. I tillegg har det blitt utvikla fleire ressursar knytt til denne utgjevinga, som til saman hjelper både heimen og kyrkjelydspedagogar med å formidla dei sentrale bibelforteljingane til barn i alderen åtte til tolv år og å plassera desse inn i ein større samanheng.
Det er ein god idé og det gir eit nyttig overblikk til alle bibelinteresserte. Faren med barnebiblar er nettopp at det berre blir ein action-og-heltebonanza utan nokon eigentleg samanheng utover det faktum at dei alle saman har noko med Gud å gjera. Tidslinja synest å ta denne utfordringa på alvor, og svarer med å gje overblikk ved å setja dei ulike tekstane inn i ein større samanheng. Det er eit svært fortenestefullt utgangspunkt.
Svært tilgjengeleg