Fumiko Hayashi er fattigdronninga av moderne japansk litteratur
No finst ho på nynorsk i Skalds klassikarserie. «Lausgjengar» er på godt og vondt eit ungdommeleg verk.
OUTSIDERPERSPEKTIV: Fumiko Hayashi (1903–1951) skildrar eit liv som er til forveksling likt det ein kan finne i norske avantgardistiske kunstnarmiljø, skriv vår meldar.
Wikimedia commons
Kjem det ut vakrare bøker på norsk enn i Skalds klassikarserie? Eg må i så fall tenke meg veldig godt om. I ei tid der litteraturen flyt stadig raskare inn på digitale flater, er Skalds serie ein strålande eksponent for den estetiske meirverdien som ligg i ei papirbok med kvalitet i alle ledd. Ikkje berre er bøkene godt sydde i ryggen og har ein særprega tekstur på omslaget. Ikkje berre har skriftdesignaren Stefan Ellmer utvikla skrifttypar spesielt for serien, med røter attende til italiensk 1400-tal. Det er meir. Designen ved Andreas Töpfer og Øystein Vidnes er så god at kvar nye bok i serien står fram som eit lite kunstverk. Skalds klassikarar må gi vatn i munnen på alle seriesamlarar; dette er bøker du vil eige og ha ståande i bokhylla.
Offensiv linje
Kva er ein klassikar, er eit anna spørsmål. Skald har lagt seg på ei offensiv linje, der vi ikkje berre får servert dei mest kjente verka frå den vestlege litterære kanon. Jovisst, vi får også ultraklassikarar som Mary Shelleys Frankenstein og Emily Brontës Stormfulle høyder. Dei balanserer vakkert mot tyrkiske Ahmet Mithats Felatûnbey og Râkim efendi og det nyaste tilskotet i serien, japanske Fumiko Hayashis Lausgjengar. Notat frå eit ustadig liv.
Bestill abonnement her
KJØP