Flau og flat actionbibel

Det skin så altfor tydeleg gjennom at målet med «Actionbibelen» er å få unge til å bry seg om Bibelen.

I SI EIGA FELLE: Den bruker teikneserien som eit verkemiddel til å nå unge menneske, men nyttar dei mest utskjelte og oppbrukte grepa i kunstformen, skriv Lars Petter Sveen.
Publisert Sist oppdatert

Det er kanskje eit godt utgangspunkt, men det rører også ved dilemmaet alle kunstverk som blir brukt i kristen trusopplæring må ta stilling til: Kva er god kunst, og kva er godt nok så lenge barna lærer litt om Bibelen?

Det er ingen grunn til å tvile på vilja og ambisjonane til skaparane bak verk som Actionbibelen eller forlaget som gir han ut. Problemet er kvaliteten på verket.

Allereie på det første oppslaget blir dette tydeleg: Ei mørk side med eit sterkt lys midt på skal vise at det i byrjinga var ingenting bortsett frå Gud. Nedst på sida dukkar ei kantete og taggete tekstboble opp for å markere at det blir ropt ut: «LA DET BLI LYS!» Er det slik vi skal forstå Guds stemme? Var det eit barskt, lite rop som skapte alt liv, som om det var Conan som stod der og ropte på Crom?

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS