Fiktivt og bibelnært om det første vitnet

Kristian Leth og Peter Snejbjerg fortel historia om Jesus sett med blikket til ei av dei som følgde han tett. Maria Magdalena er både flue på veggen og ein del av dramaet.

KVINNEBLIKK: Teikneserieromanen «Maria fra Magdala», av Kristian Leth og Peter Snejbjerg, fortel historia om Jesus fra Nasaret sett med Maria Magdalenas blikk.
Publisert Sist oppdatert

Teikneseriar basert på bibelsk stoff finst det mykje av. Eg hugsar framleis dei små bøkene eg las som barn, serien «Bibelen i tegneserier», gitt ut på Logos forlag på midten av 1970-talet. I seks band med fargerike cover og svartkvite teikneseriestriper blei eg dregen med gjennom bibelhistoria, frå 1. Mosebok til Johannes’ openberring. Det var eit fint supplement til å lese sjølve bibelteksten, som eg brukte mykje tid på allereie frå sjuårsalderen.

Seinare er det komme ut ei rekke andre teikneserievariantar av Bibelen, både av enkeltbøker – som den kjente amerikanske undergrunnsteiknaren Robert Crumbs Genesis – og av heile Skrifta. Ikkje minst finst det ei rekke ulike teikneseriebiblar for barn, både for den yngste aldersgruppa og for litt større barn, der den relativt nye Actionbibelen er eit godt døme på det sistnemnte.

Det skal derfor litt til å direkte overraske med nye utgivingar. Den danske Valhall-skaparen Peter Madsen klarte det med Menneskesønnen i 1995, som kom ut på norsk ein del år seinare. I denne teikneserieromanen fortalte Madsen historie om Jesus frå Nasaret gjennom auga til læresveinen Peter, ein av dei tolv i Jesu næraste krins.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS