Emil André Erstad: Denne boka er viktig fordi den fortel historia om eit anna Europa

Ny bok om Det osmanske riket er eit førebiletleg folkeopplysingprosjekt som viskar ut svart-kvitt-forteljingane om dei muslimske tyrkarane.

BOSNIA: Besøk på minnelunden for Srebrenica-massakeren i Potocari i Bosnia. I er det 27 år siden krigsforbrytelsen. Boka til Jan-Erik Smilden er viktig fordi den fortel historia om eit anna Europa enn den vi er vane med å få fortald. Det er til dømes umogleg å forstå krigane på Balkan på 1990-talet, utan å forstå kva rolle dei muslimske tyrkarane hadde spelt der i fleire hundre år, skriv Emil André Erstad.
Publisert Sist oppdatert

Dei ropa på Jesus, Allah og Maria, soldatane som kjempa om Wien, dei varme julidagane i 1683.

Soldatane på begge sider flådde menneske levande, spidda fangar på pålar, tok slavar og voldtok. Utanfor Wiens bymur stod den osmanske storvesiren Kara Mustafa med ein sekk avkutta hovud frå den austerrikske byen Hainburg som osmanarane nettopp hadde erobra. Dei habsburgske soldatane på innsida av bymurane hadde tatt ei gruppe osmanske soldatar til fange, som dei hadde skore hovuda av og satt på pålar og palisadar, slik at fienden frå aust skulle sjå dei.

Dei kjempa om Europas framtid. For mange vart det framstilt som ein kamp mellom det gode og det vonde, mellom barbarane og sivilisasjonen, mellom muslimske Allah og den kristne Gud.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS