Eit litterært forsvar for sjakk
ANMELDELSE: Kristian Klausen har skrive ein svært leseverdig kortroman om liv og død, og om kampen mellom svart og kvitt i menneskesinnet.
GOD: – Har du ikkje lese noko av Kristian Klausen, seier du? Knapt høyrt om han? Den gode nyheita er at då har du mange gode bøker å glede deg til, skriv vår kritikar om Klausen og hans nye roman.
Anna-Julia Granbeg/Blunderbuss
Eg-forteljaren i ein av Klausens tidlegare romanar, med den talande tittelen Mitt liv var et hett bibliotek, oppdaga tidleg at Becketts romanar fann stad i Strømsø i Drammen. Noko liknande var faktisk tilfelle med tekstane til Joyce, Proust og Bellow, til og med Vildanden av Ibsen: «Ulysses foregår spesifikt i Drammen, tenker jeg i kjelleren». Det er ei lesarerfaring det ikkje er vanskeleg å forstå (eg for min del trudde at det meste eg las som ung, skjedde på Møllenbergeller rundt Småbergan i Trondheim.)
I løpet av eit etterkvart omfattande forfattarskap, har Klausen heldt fram med å undre seg: Kva om det kanskje var på eit loft i Drammen at Anne Frank heldt seg skjult og skreiv dagbok? Kva om det var hit krigsforbrytaren Adolf Eichmann rømte? Og at det var i Drammen Solzjenitsyn, trua på livet av sovjetisk etterretning, skreiv ferdig Gulag-bøkene? Kanskje er også dei gåtefullle måleria til Mark Rothko, skildringar av det han såg og opplevde då han vaks opp og levde i Drammen?
Storarta litteratur
Bestill abonnement her
KJØP