Eit godt døme på den kristne truas rolle i norsk samtidslitteratur

Geir Olav Jørgensen skriv om sorg og kristen tru i den nye romanen sin, Evangelium. Han har fine peikarar mot det viktige i livet.

OM SORGARBEID: Geir Olav Jørgensens nye roman «Evangelium» er eit godt døme på at kristen tru spelar i ei sentral rolle i den norske samtidslitteraturen, skriv vår meldar.
Publisert Sist oppdatert

Det finst mange som gjennom tidene har angra på at dei ikkje uttrykte kjærleiken til far sin før det var for seint. Særleg på vestlandet finst det mange menn av den litt vêrharde sorten, som ikkje i utide blottlegg kjenslelivet sitt for sine nærmaste. Forteljaren i Geir Olav Jørgensens roman Evangelium er ein slik mann, ein sjølvlært tømrar og tidlegare vagabond, som med kone og barn har funne fotfeste i sitt gamle barndomsrike.

Romanen startar med at far til forteljaren får påvist ein kreftsvulst i magen. Kreften er komen så langt at han ikkje kan stoppast. Valet står i praksis mellom livsforlengande behandling eller å «la seg felle av sjukdommen utan å gjere motstand».

Faren tek lagnaden sin med meir stoisk ro enn sonen. Han ønskjer behandling, men tek diagnosen «som ein mann». I sonen veller det opp ein straum av kjensler, og romanen – som er dedisert «Til far» – gir eit vakkert uttrykk for den kjærleiken og respekten som sonen openbert har for far sin: «Han var snekker, murar, målar. Sveisar, jeger, fiskar. Et cetera. Alt-mogeleg-mann. Familiens oppfinnar. For oss var han høvdingen.»

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP