Ein sjarmerande, liten Bibel

Alt er smått og enkelt, men det er likevel noko originalt og rørande ved «Tegneseriebibelen». Om den tok litt fleire sjansar, kunne den blitt skikkeleg god.

Anmeldelse av barnebibler.
ORIGINALE VAL: Ved å ta originale val, og ved å bruke ein enkel strek i teikningane, utan å fjerne alvoret, har forfattar Matos og illustratør Picanyol skapt ein sjarmerande versjon av Bibelen.
Publisert Sist oppdatert

Kanskje er teikneserie den kunstforma der du raskast, nesten på eit augeblikk, gjer deg opp ei meining om du liker verket eller ikkje. Med Tegneseriebibelen lønner det seg å ikkje vere for streng. Dei første sidene, der ordet var i Gud og Gud skaper himmelen og jorda, viser illustratør Picanyol seg frå si verste side.

Rutene er for små til det han prøver å fortelje, og dei få teikningane han nyttar i kvar rute, lener seg tung mot klisjeane vi er vand med om korleis Gud skapte verda. Men så viser det seg snart at Tegneseriebibelen har mykje meir å by på. Trass i den svake starten, og den billege innpakninga IKO-forlaget har spandert på boka, er dette ei uventa sjarmbombe.

I eit nytt lys

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS