Ein murstein av haiku
ANMELDELSE: Ei litt for raus samling nyskrivne haiku-dikt gir oss både blødmer og vakre linjer.
REGELBRYTAR: Haiku har ein lang og rik tradisjon bak seg i heimlandet Japan, men Joakim Kjørsvik bryt fleire av reglane i si nye bok.
Elri Uhre
Haiku har ein lang og rik tradisjon bak seg i heimlandet Japan og det finst faktisk også ein godt etablert tradisjon med å skrive haiku på norsk. Diktaren Pål-Helge Haugen gav allereie i 1965, i samarbeid med Misahiko Inadomi, ut eit utval omsetjingar som kom i revidert og utvida versjon i 1992. Fleire av oss lærte der av Inadomis innleiing at haiku tradisjonelt har tre liner: Den første og den siste lina har fem stavingar, mens den andre lina har sju.
Men Haugen understreka også at dei fleste store haiku-diktarar bryt desse reglane. Og det er sjølvsagt nødvendig med slike regelbrot i språk med ein heilt annan grammatikk og oppbygging, som det norske. Når forlagets baksidetekst slår fast at «Kjørsvik bryter de fleste av disse reglene» kan ein derfor godt lese det som ein måte å skrive seg inn i ein allereie rik norsk haiku-tradisjon på.
Ei særdeles raus bok
Bestill abonnement her
KJØP