Ei forrykande, men litt flink fargebombe
Barnebibelen til Alf Kjetil Walgermo og Anna Fiske byr på eit sprudlande, men tidvis litt slitsamt bibelunivers.
ELLEVILT: «Barnebibelen» (2022) er ei forrykande fargebombe med ein originalitet som gjer at den truleg vil nå fram til eit breiare publikum enn meir tradisjonelle utgjevingar, skriv vår meldar.
Erlend Berge
Førsteinntrykket av samarbeidsprosjektet mellom teiknar Anna Fiske og tekstansvarleg Alf Kjetil Walgermo er svært interessant. Her vartar sanneleg Samlaget opp med ein veritabel fargeeksplosjon av ein barnebibel, til alt overmål i eit ekstra stort format som unge lesarar verkeleg kan boltra seg i. Mellom slitesterke permar finn vi eit hav av glade og uventa strekar; det er som om Barbafamilien og Richard Scarry har hamna i eksistensiell tvikamp; berre at når du ser nærare etter, er det heilt og fullt illustratør Anna Fiske, naturlegvis, som har sitt heilt eigne grep om uttrykket i denne barnebibelen.
Robust og romsleg
Det romslege og fargesterke omslaget med ein svært ukonvensjonell Jesus og masse glade barn i ein knalloransje sirkel skrur opp forventningane, men lovar likevel ikkje meir enn det kan halda. Med ein gang ein opnar, og byrjar å bla, viser det seg at framsida er meir enn eit spraglete salstriks. Eit førsteinntrykk er dessutan viktig. For å sitera ei som er nærare målgruppa enn meg: «Finst det noko kjekkare enn slike doble boblebokstavar og masse løgne folk og fuglar å ha på ei framside?» Godt poeng. Det er dessutan eit realt bruksomslag som vil tåla vedvarande nærkontakt med si relativt hardhendte målgruppe.