Edvard Hoems dikting får oss til å ville bryte ut i allsong

Edvard Hoems Ute, langt der ute er eit slåande konsentrat av eit langt og godt diktarliv.

DIKTERISK KRAFT: Edvard Hoem er først og sist diktar, ein poet, skriv Alf Kjetil Walgermo. Samlinga «Ute, langt der ute» samlar kjent og ukjent poesi frå forfattaren.
Publisert Sist oppdatert

Edvard Hoem er noko nær den komplette forfattar.

Han er ein forteljar av Guds nåde, noko som ikkje minst kjem fram gjennom romanane han dei seinare åra har skrive med utgangspunkt i si eiga slektshistorie. Eg nøyer meg med å nemne Mors og fars historie og Slåttekar i himmelen, også dei seinare romanane er glitrande.

Han er ein dyktig dramatikar, med fleire skodespel på samvitet, gjendiktar av Shakespeare, tidlegare teatersjef. Han er den djuptpløyande Bjørnson-biografen. Men, og i denne samanhengen må ein kunne seie det slik: Edvard Hoem er først og sist diktar, ein poet.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS