Den langsame øydelegginga
Den Oscar-nominerte dokumentarfilmen «No Other Land» teiknar eit fortvilande bilete av palestinsk daglegliv på den sørlege Vestbreidda. Men venskapet mellom dei to hovudpersonane gir håp.
VENSKAP PÅ TVERS: Den norsk-palestinske dokumentarfilmen «No Other Land» handler om kampen for tilværet på den sørlege Vestbreidda. Filmen handlar også om venskapet mellom dei to filmskaparane, palestinske Basal Adra (t.v.) og israelske Yuval Abraham.
Antipode Films / handout/NTB
Dokumentarfilmen No Other Land blei filma ferdig omtrent samtidig med terrorangrepet den 7. oktober 2023 og starten på den etterfølgjande krigen mellom Israel og Hamas. Mens krigen i Gaza har halde fram og halde fram, har filmen vore vist på festivalar rundt ikring i verda, også her i Noreg. Først no får den norsk-palestinske filmen ordinær norsk kinopremiere, ikkje lenge etter den ferske nominasjonen til Oscar for beste dokumentar, og ikkje lenge etter at det omsider er blitt inngått våpenkvile mellom Israel og Hamas.
Våpenkvila åleine gjer likevel ikkje livet lett å leve for den palestinske befolkninga i Midtausten. No Other Land tek oss med til eit bestemt område på den sørlege Vestbreidda, kalla Masafer Yatta. Området har vore under israelsk kontroll sidan 1967, og i 1981 gjorde den israelske hæren det til militær sone – regulert som treningsområde for tunge stridsvogner.
Det er dette landområdet som står i sentrum for dokumentaren, heimstaden til hovudperson og regissør Basel Adra. Han er som vi kan forstå sterkt knytt til området, der familien og slekta hans har budd i lange tider. Ikkje noko anna land kan erstatte barndomsheimen, jamfør tittelen. Faren driv den lokale bensinstasjonen, i ei bygd der dei fleste framleis livnærer seg som gjetarar. Sjølv bygger Basel seg opp i skjeringsfeltet mellom journalistikk og aktivisme, med dokumentarfilmen som eit karrieremessig høgdepunkt.