Briljant teater

ANMELDELSE: Intenst, spennande og litt farleg. Sjeldan har eg latt meg fengsle like sterkt som av «Dette fortjener du» på Torshovteatret.

«Dette fortjener du» på Torshovteatret.
BRILJANT TEATER: Kjersti Tveterås er glitrande i rolla som musikkterapeuten Mette i teaterstykket «Dette fortjener du» på Torshovteatret. «Djup tematikk på lette steg, herleg skrive, med strålande skodespel og spenstig regi,» skriv Alf Kjetil Walgermo om premieren.
Publisert Sist oppdatert

Sjeldan har vel «den fjerde veggen» – den usynlege barrieren mellom scene og publikum – blitt broten ned på ein meir effektiv, humoristisk og ubehageleg måte enn i «Dette fortjener du», som hadde urpremiere på Torshovteatret i helga. Fleire gonger undervegs i stykket vender skodespelar Seda Witt seg mot publikum med nærgåande spørsmål om privatøkonomi og etikk. Det kjennest forfriskande.

På eit tidspunkt må publikum plassere seg sjølve i anten arbeidarklassen, middelklassen, øvre middelklasse eller overklassen. Ikkje overraskande retta det store fleirtalet på urpremieren opp handa og vedkjente seg som middelklasse eller øvre middelklasse. Men kvar enkelt tilskodar blei i høgste grad deltakar ved også å måtte svare på kor mykje ein har i årsløn, ganske så konkret – som over 600.000, 700.000, eller 800.000 i året. Somme blei rett og slett spurte direkte om kva dei tente, om dei meinte at dei fortente løna si og om dei kunne tenke seg å avstå frå ein million kroner dersom det kunne løfte lønsnivået til spesifikke samfunnsgrupper.

Meir invaderande enn sex

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS