Brevroman om det fjerde krosstoget kjem ikkje heilt i mål

Thorvald Steens roman om det fjerde krosstoget og livet i maktas indre gemakk vinn på å bli lesen som samtidsroman.

steen
DRISTIG SJANGERVAL: Thorvald Steen skriv med utgangspunkt i lite kjente historiske hendingar med enorme konsekvensar for ettertida. Vår meldar synest ikkje han kjem heilt i mål. Kanskje har det med det dristige valet av sjanger å gjere?
Publisert Sist oppdatert

Thorvald Steen er mest kjend som forfattar av viktige samtidsromanar. Men han har også jamleg skrive om historier knytt til den historiske byen Konstantinopel, og dei ulike såkalla krosstoga, slik som i romanane Konstantinopel, Løvehjerte og Kamelskyer, og også i skodespel.

Dette er ein del av eit større prosjekt for forfattaren, nemleg å skrive «neosagaer» som «avdekker Europas glemte historie», som det heiter i omslagsteksten på årets roman, Påklederen.

Påklederen tek utgangspunkt i det som i ettertid har blitt kalla det fjerde krosstoget: Om det som skjedde i 1204 då ei stor og velutrusta krigsflåte seglar ut frå Venezia, tilsynelatande etter oppmoding frå paven og med kurs mot Jerusalem, for å kjempe mot dei vantru.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS