Bøker som denne trengs, i alle fall viss Ap skal makte å finne tilbake til gamle takter
BOK: Sosialdemokratiets krise er djup, men sannsynlegvis ikkje uløyseleg. Ny bok finn mange svar og opnar opp ideologidiskusjonen i Arbeidarpartiet for oss tilskodarar.
SUNN DEBATT: I boka «Derfor er jeg sosialdemokrat», redigert av Ap-nestleiar Hadia Tajik, teiknar tjuetre partifolk ein større himmel over Aps oppdrag i det norske samfunnet. Det skjer på imponerande godt vis, meiner vår meldar.
Audun Braastad
Å produsere bøker som tenker høgt rundt ideologiske spørsmål og verdidebattar, er sunt for eit parti. Høgre har i alle år hatt Civita som har bidratt til å halde ideologidiskusjonen levande i partiet, blant anna gjennom bidrag frå partiets eigen husideolog Torbjørn Røe Isaksen. Frå Arbeidarpartiet har vi sett mindre av denne viktige måten å drive politikk, kanskje fordi dei var opptatt med å styre landet, eller kanskje fordi dei berre driv politikk på ein annan måte.
Palme-inspirasjon
Eit anna moment er kanskje også at Høgre var gjennom ei krise på 90-talet og byrjinga av 2000-talet som kan samanliknast med den krisa Ap opplever no. Nød lærer nøgen kvinne at spinde, slik naud lærer politiske parti å diskutere kvifor dei er til. Etter fleire år med vonde interne diskusjonar ser det no ut til at Ap er i ferd med å finne fram til den livsviktige ideologidiskusjonen, til dømes med boka Hadia Tajik gav ut i fjor haust. Den bidreg til å gje sosialdemokratar svar på større spørsmål i vår tid. Det trengs, i alle fall viss Ap skal makte å finne tilbake til gamle takter.