Barnebibel som flyttar ansvaret over på foreldra
«Min barnebibel» tek ikkje opp i seg alvoret frå Bibelen, men kan vere ein god inngang for dei aller minste.
FOR DEI MINSTE: «Min barnebibel» enkle stil opnar store rom for samtale. Problemet oppstår når for mykje blir utelate, og det som står igjen ikkje forklarar nok, skriv vår meldar.
Erlend Berge
Ein god barnebibel vil følge deg resten av livet. Framleis er det Kees de Korts illustrasjonar eg tenker på når eg les Bibelen. Bøkenes hans om Bartimeus, Sakkeus og Den barmhjertige Samaritan romma eit alvor eg som barn kunne bere. Og bøkene var vakre og underlege, skremmande og enkle på same tid. Når eg ser etter ein barnebibel til mine eigne barn, er det Kees de Korts bøker alt blir målt mot.
Fleire av barnebiblane som er komne på norsk dei siste åra, er meir fargerike og varme enn dei eg vaks opp med. Fleire av dei har sine styrker, men òg sine svake sider. Slik er det òg med Min barnebibel av Sally Ann Wright og Honor Ayres.
Liten og lys