Å skrive ei bøn

Tilbakeskodande og nyskapande storverk frå Jon Fosse.

Jon Fosse har kalla det langsam prosa, men om det ikkje går fort, er det eit valdsamt driv her, skriv vår kritikar om(Foto: Tom A. Kolstad)
Publisert Sist oppdatert

Det er allereie nokre år sidan den verdskjende dramatikaren Jon Fosse sa han ikkje ville skrive skodespel lenger. Rykta har gått om at han var i gong med noko heilt anna, eit større verk med langsam prosa. No er dei to første binda av det som skal bli ein septologi, eit sjubindsverk, her. Og utgjevinga viser at dette er eit storverk, vel verd å vente på.

Målaren Asle

Det er ikkje eit stort lerret Fosse dreg opp i starten. Målaren Asle førebur ei ny utstilling og er i ferd med å velje kva han vil presentere av alt det han har laga, samtidig som han reflekterer over livet: Den første setninga i begge binda startar med ein konjunksjon og eit verb som har bibelsk klang: «Og eg ser meg stå og sjå mot biletet med dei to strekane».

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS