ANALYSE: Sri Lanka. Mange prøvde å kolonisere øya. Først ute var Portugal, så Nederland. Også Danmark-Norge mislukkast. Britane klarte det, og styrde øya frå 1700-talet til 1948.

Ceylon var namnet fram til 1972. Men øya har bore mange namn. Arabiske kjøpmenn brukte «gledas øy», kinesarane «landet utan sorg».

Første påskedag 2019 blei nasjonen heimsøkt av sorg, smerte og liding. Sjølvmordsbombarar gjekk inn i tre kyrkjer og tre hotell.

Dødstala nærmar seg 300. Over 500 er såra. Første påskedag blei Sri Lanka «landet fylt av sorg».

LES MEIR: Reagerer på terror med fredsinitiativ

Peikar på islamistar

Til skilnad frå mange terroråtak verda rundt, stod ingen fram straks og tok ansvaret for udådane. Først måndag peika regjeringstalsmann Rajitha Senaratne, som også er helseminister, på islamistar. Etter ei rekkje arrestasjonar meiner styresmaktene at islamistgruppa National Thowheeth Jama'ath (NTJ) står bak terroråtaka.

NTJ er ei heller fersk radikal muslimsk gruppe i Sri Lanka som har fått merksemd fordi ho øydelegg buddhiststatuar, og i 2016 blei ein av leiarane, Abdul Razik, arrestert for rasistiske ytringar, men sett fri mot kausjon.

Hemmeleg notat

NTJ blei namngjeven i ei åtvaring Sri Lankas etterretningssjef sende ut 14 dagar før påskedagsaksjonane. Han skreiv at viktige kyrkjer var mål for sjølvmordsåtak.

Men opplysningane nådde aldri fram til Sri Lankas statsminister Ranil Wickremesinghe, ei heller til dei andre statsrådane i regjeringa, vedgjekk talsmann Senaratne måndag.

Forklaringa vekkjer oppsikt: Etterretningsinformasjonen blei ikkje delt med statsministeren og regjeringa fordi dei ikkje blir inviterte til møta i det nasjonale tryggingsrådet.

Desse møta blir leia av Sri Lankas sterke mann, president Maithripala Sirisena. Som ikkje toler statsminister Ranil Wickremesinghe. Mennene representerer Sri Lankas to leiande – og rivaliserande – parti.

Sparka statsministeren

Sirisena, som også er forsvarsminister, og med det sjef for både forsvaret og politiet, prøvde i fjor haust å jage statsministeren frå vervet. I oktober fekk Wickremesinghe sparken fordi presidenten meinte at ein namnlaus statsråd planla eit attentat, mot presidenten. I neste sving ønskte presidenten å oppløyse nasjonalforsamlinga og skrive ut nyval. Men etter sju veker greip høgsterett inn og beordra statsministervikaren, Sri Lankas tidlegare president, ut, og gjeninnsette Wickremesinghe.

Medan srilankiske helsestyresmakter puslar saman sprengte kroppar, går statsministeren ut og seier at no skal ein sjå på kvifor varsla ikkje blei tekne meir på alvor. «Me blei overraska over desse rapportane», utdjupa helseministeren i går.

Presidenten inviterte statsministeren til gårsdagens krisemøte i det nasjonale tryggingsrådet.

Skulda for krigsbrotsverk

Bak uvenskapen mellom dei to øvste politiske leiarane, ligg mellom anna oppgjeret etter borgarkrigen på Sri Lanka. Eller rettare sagt; mangelen på oppgjer.

FNs menneskerettsråd gav i oktober 2015 Sri Lanka ein frist på 18 månadar til å innleie ei truverdig gransking av overgrep utført under krigen, som tok slutt i 2009. President Maithripala Sirisena ba om forlenga frist, og fekk det.

I mars gjekk denne ut, og Sirisena gav svar på tiltale. «Eg ønskjer ikkje å grave i fortida og opne gamle sår», sa statssjefen. Han nektar å granske krigsbrotsverk som fann sted under den 37 år lange krigen mot tamilske separatistar.

Krigen på Sri Lanka sende skarar av tamilar ut av landet – mange kom til Norge som flyktningar. Over 100.000 menneske mista livet, og regjeringsstyrkar blir skulda for å ha drepe vel 40.000 tamilar den siste krigsmånaden i 2009, der storparten var sivile.

Statsminister Ranil Wickremesinghe har refsa presidenten og seier han, som regjeringssjef, framleis vil samarbeide med FN i spørsmålet om krigsbrotsverk.

Herja av borgarkrig

Inn i dette politiske minefeltet kjem National Thowheeth Jama'ath. Men først litt religion.

Sri Lanka var ei buddhistisk øy før europearane prøvde å kolonisere henne. Singalesarane innvandra frå India og fortrengte urfolket, med seg hadde dei buddhismen. Men då britane klarte å bli sitjande, henta dei indiske tamilar til øya som plantasjearbeidarar, og med tamilane kom hindusimen.

Få år etter at øystaten blei sjølvstendig, i 1948, byrja rivaliseringa mellom den singalesiske, buddhistiske majoriteten og den store hinduiske, tamiltalande minoriteten. I 1983 braut borgarkrigen ut, tamilane kjempa for ein eigen stat nord i Sri Lanka.

I 2001 fekk landet ein statsminister som ivra for fred: Ranil Wickremesinghe. Som berre fekk tre år. Han blei velta ved valet i 2004. Særleg hard motstand møtte han frå mektige buddhistrørsler, som ønskte å knuse tamilane, som i hovudsak er hinduistar, men også kristne og muslimar.

Siste folketeljing viser at av 22 millionar innbyggjarar, er vel 70 prosent buddhistar, nesten 13 prosent hinduistar, nesten 10 prosent muslimar og vel 7 prosent kristne.

LES MEIR: Sorg blant tamilske kristne i Norge

Vil spreie frykt

I Sri Lanka er historia om militant islamistisk vald kort. Ei av dei få som kjenner National Thowheeth Jama'ath, er Anne Speckhard. Ho er direktør for institusjonen som blei skipa i 2015, amerikanske International Center for the Study of Violent Extremism.

Speckhard seier NTJs mål er ulikt alle andre grupper som har gripe til vald i Sri Lanka. Målet er ikkje makt og sjølvstende, men å spreie den globale jihadistrørsla til Sri Lanka. Det handlar om religion og straff. Verkemidla er hat, frykt og splid i samfunnet.

Difor blei sjølvmordbombarar sendt inn i tre kyrkjer og tre hotell. Resultat: Det dødelegaste terroråtaket verda har sett sidan 11. september 2001.