– Difor må du bry deg, seier statssekretær Laila Bokhari (H).
Unge som fell utanfor skule, fritidsaktivitetar og arbeidsliv kan lettare bli radikaliserte og kome inn i miljø prega av valdeleg ekstremisme. Bokhari ber alle og ein kvar vere merksame på unge som strevar med å finne fast fotfeste.
– Det å høyre til ein stad er viktig for alle. Unge må oppleve at dei blir sett og inkludert.
LES MER: Regjeringen blar opp for å hindre religiøs ekstremisme
Då Erna Solberg flytta inn på Statsministerens kontor (SMK) i oktober oppretta ho eit nasjonalt beredskaps- og tryggingselement ved SMK. Med bakgrunn som terrorforskar fekk Bokhari eit særskilt ansvar for tryggings- og beredskapssaker.
LES MER: Slik oppdager du om en person er radikalisert
Politiet finn ikkje alle. No minnar Bokhari nordmenn på at politiet ikkje kan finne alle som står i fare for å forsvinne inn i radikaliserte miljø som kan bli farlege.
– Du må bry deg. Vi vil ikkje ha eit politi som med overvaking klarar å finne alle som er villige til å ty til valdeleg ekstremisme.
Bokharis bodskap er den same som Politiets tryggingsteneste (PST) kom med i 22. juli-evalueringa i 2012:
– Vi meiner at vi ikkje kunne overvaka oss frem til å finne (Anders Behring, red. anm.) Breivik. Andre samfunnsmekanismar skulle kome inn på eit tidlig tidspunkt, når vi snakkar om å oppdra våre barn, skular og å bry oss om naboane. Vi er ledd i ei kjede, men tru ikkje at overvaking er vegen å gå, sa fungerande PST-sjef Roger Berg.
Manglar fotfeste. Vårt Land har denne veka fortalt om unge menneske – både etnisk norske konvertittar og unge med minoritetsbakgrunn – som blir trekte mot islamittiske miljø som er sterkt radikaliserte og som er villige til å ty til valdeleg ekstremisme. Opp mot 50 nordmenn har reist eller i Syria og Irak for å kjempe saman med den ytterleggåande gruppa ISIL, og rundt åtte nordmenn har mista livet i borgarkrigen i Syria, fortel PST.
I ein fersk analyse av det PST kallar «framandkrigarar» seier tryggingstenesta at «denne gruppen kjennetegnes av at de har hatt problemer med å finne sin plass i samfunnet siden ungdomstiden.»
PST seier vidare at «svak tilknytning til samfunnet for øvrig kan imidlertid føre til en manglende følelse av tilhørighet, som i sin tur kan være medvirkende til at personer søker status og identitet i slike ekstreme miljøer.»
Må drive førebygging. Statssekretær Laila Bokhari støttar PST-analysen fullt ut:
– Difor er det viktig at kvarmann bryr seg. Saman med foreldre, skulen, frivilligarbeidet, helsevesenet, religiøse miljø og barnevernet kan vi alle vere med å førebyggje radikalisering og ekstremisme. Den nye handlingsplanen mot radikalisering og valdeleg ekstremisme går difor breitt ut, og foreslår 30 konkrete tiltak.
LES MER OM RADIKALISERING I NORGE:
[ Regjeringen blar opp for å hindre religiøs ekstremisme ]
[ Jihadistmisjonærar lokkar unge muslimar til Syria ]
[ Syria-krigere ville ikke møte PST ]
[ Nei til religiøs tvang – ja til toleranse og mangfold ]
[ Denne syriske familien drømmer om å bli utvalgt til å få komme til Norge ]