Nyheter

Jihadistmisjonærar lokkar unge muslimar til Syria

Ungdomsarbeidar i Bærum ber foreldre og moskear om å vakne opp. – Radikaliseringa av unge muslimar må stoppast, elles endar endå fleire opp som kanonføde.

Ikhlaque Chan er dagleg leiar for eit aktivitetssenter for barn og unge i Bærum kommune. Både gjennom jobb og fritid møter Chan unge som blir trekte mot eit radikalt islamittisk miljø som overtalar unge til å dra i krigen for draumen om ein islamsk stat.

– Dessverre har fleire enda opp som kanonføde, lokka til krigen av ein bodskap som er pakka inn i kvasiislam.

Vårt Land fortalde i går at Politiets tryggingsteneste (PST) blei avvist då dei prøvde å ha bekymringssamtalar med unge, sterk radikaliserte muslimar før dei reiste til borgarkrigen i Syria. Men få ville snakke med politiet.

I april blei Egzon Avdyli, kjent som talsmann i den norske islamittiske gruppa Profetens Ummah, drepen i Syria. Ein månad seinare blei to av Avdylis brør arrestert av PST og sikta for deltaking i eller støtte til ein terrororganisasjon. Faren hadde tipsa politiet om reiseplanane til sønene. I går blei yngstemann lauslaten. I dag er det nytt fengslingsmøte for broren. Begge er framleis sikta.

LES OGSÅ: Syria-krigere ville ikke møte PST

Karismatiske leiarar. Ikhlaque Chan kjende dei tre brørne. Han fortel at trioen og fleire andre blei oppsøkte av jihadistmisjonærar – og at dei unge mennene tykte vel om bodskapen som blei forkynt. Chan har ut frå sterk eigeninteresse følgt muslimsk misjonsverksemd i Oslo og Bærum i vel ti år. Han meiner det er viktig å følgje med på kva ideologi som blir spreidd blant unge muslimar.

– I starten kom det halvgamle menn med svak appell. Dei inviterte seg sjølve inn til muslimske familiar, men misjonsverksemda rann ut i fredelege teselskap – akkurat som å få ein mormonarmisjonær på besøk, seier Chan, og held fram:

– Dei siste fem åra har vi møtt heilt andre leiarar, unge karismatiske menn som forkynner at norske muslimar kan vere med å endre verda, berre dei blir med i rørsla. Vi høyrer ikkje at dei same leiarane snakkar om kor viktig det er å skaffe seg ei utdanning, få seg ein jobb, bli integrerte i samfunnet – ta ansvar.

LES OGSÅ: Nei til religiøs tvang – ja til torelanse og mangfold

Foreldre lyttar. I Solberg-regjeringas ferske Handlingsplan mot radikalisering og valdeleg ekstremisme blir førebygging og vegleiing trekt særleg fram. Det gler Ikhlaque Chan.

– Mange foreldre bryr seg om kva barna deira driv med og følgjer godt opp. Dessverre er det også foreldre som ikkje følgjer med når barna blir trekte mot jihadistmisjonærane.

Chan har drøfta muslimsk radikalisering og med foreldre i ulike muslimske miljø. Fleire har lytta på åtvaringane. Andre har vist mindre forståing.

Fjerne skylappar. Regjeringas handlingsplan seier også at livssynsleiarar har eit ansvar for å motverke radikalisering. Her etterlyser Chan langt meir kritiske moskear.

– I mange moskear må leiarane fjerne skylappane. Det må talast ope og ærleg om faren for radikalisering.

Chan trur mangelen på tydeleg tale skuldast at fleire muslimske leiarar i Norge er redde for å trø andre muslimar på tærne ved å ty til tydelege åtvaringar mot radikaliserte, islamittiske miljø.

Avviser kritikk. Generalsekretær Mehtab Afsar i Islamsk Råd Norge (IRN) forstår ikkje kritikken frå Chan.

– Mange imamar har tala tydeleg mot ekstremisme. Ingen er redde for å kritisere i frykt for å trakke andre på tærne, seier Afsar, og viser til at moskear landet rundt driv eit aktivt arbeid på mange felt, også mot ektremisme. Han seier at også IRN har vore tydelege i denne saka.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter