Misjonsliv

Syklar, padlar og spring for systerkyrkjer

MISJONSAKSJON: Farsund menighet, med prest og konfirmantar i front, har trått til for den globale kyrkja som er hardt ramma av korona. Det er det også 176 andre kyrkjelydar i Den norske kyrkja som gjer i vår.

– Me ville gjera eit stunt for å skaffe ekstra merksemd og pengar, seier sokneprest i Farsund sokn, Henning Huseby Jansen.

Derfor blei konfirmantleiren i kyrkjelyden bruka til å samle inn pengar til misjonsprosjektet Stefanusbarna i Kairo, som handlar om å betre levekåra til koptiske kristne som lever under dårlege kår ved søppelberget i Kairo.

Medan dei fleste konfirmantane sprang og gjekk rundar i eit meir tradisjonelt misjonsløp, valde presten å ta med seg sykkelen på bussen til leirskulen, for så å sykle dei ni mila heim att. Alle oppmoda kjente og kjære til å sponse dei per runde eller distanse. Til saman samla dei inn 36.000 kroner. Og dei er ikkje aleine.

Tøft under korona

Til no har 177 kyrkjelydar i Den norske kyrkja (DNK) meldt seg på aksjonen Saman som kyrkje i heile verda, som skjer mellom Kristi himmelfart og St. Hans. Målet er å styrke kyrkjelydane sitt fokus på misjonsavtalene dei har gjennom Samarbeid menighet og misjon, og på den måten bidra til arbeidet til systerkyrkjer rundt om i verda.

– Nettopp i den tøffe koronasituasjonen verda står midt opp i no er det viktig a vise praktisk omsorg og solidaritet, meiner Ivar Sandnes.

Han er aksjonsleiar og misjonsrådgjevar i Agder og Telemark bispedøme. Han fortel at ideen til aksjonen kom i fjor då Noreg stengde ned på grunn av koronapandemien. Ein såg at norske misjonsorganisasjonar fekk inntektsfall, og dermed hadde vanskelegare for å støtte sine internasjonale partnarar og kyrkjer, og at desse i tillegg hadde større utfordringar enn på lenge grunna pandemien.

Ivar Sandnes, misjonsrådgjevar Agder og Telemark bispedøme

Då tok dei ved Agder og Telemark grep, og sette i gang aksjonen Saman som kyrkje i heile verda. Dei har invitert alle dei andre bispedøma, og i år er ti av elleve med. Håpet er å få inn minst like mykje pengar som i fjor, då resultatet blei godt over 2,5 millionar kroner. Talet er litt usikkert grunna ulik rapportering.

Ny rekord

– Me ville ikkje legge til ei ekstra oppgåve til kyrkjelydane på toppen av alt anna midt i korona, me ville tvert om hjelpe dei til å oppfylle det dei alt hadde forplikta seg på gjennom misjonsavtalene sine, seier Sandnes.

For utan fysiske gudstenester går fort kollektsummane ned. I Agder og Telemark bispedøme fekk ein 800.000 kroner mindre inn på misjonsavtalene i 2020 enn året før. Men med hjelp av dei ekstra pengane kyrkjelydane fekk inn via Saman som kyrkje i heile verda slo dei tvert om rekord, og fekk inn heile 3,4 millionar kroner.

Sandnes melder om stor breidde og kreativitet i tiltaka, og nemner digitale basarar, padlekonkurransar og misjonsløp.

Misjonsrådgjevaren trur lærdomen av å dra ein digital innsamlingsaksjon kan vera nyttig for framtida, og fortel at det har vore ein av delmåla til aksjonen.

– Me ynskjer at aksjonen skal gje verktøy til kyrkjelydane, slik at dei kan vise solidaritet og engasjement for den globale kyrkja, seier Sandnes.

Han håpar aksjonen kan halde fram i fleire år, også etter at koronapandemien er historie.

---

Samarbeid menighet og misjon (SMM)

  • Eit samarbeid mellom Den norske kyrkja, Normisjon, Areopagos, HimalPartner, NMS, Stefanusalliansen, Misjonsalliansen, Normisjon og Den Norske Israelsmisjon.
  • Drift og oppfylging blir gjort av misjonsrådgjevarane i bispedøma og dagleg leiar i Mellomkyrkjeleg råd.
  • SMM er organisert gjennom eit sentralt råd (SMM-rådet) og regionale utval i bispedøma.
  • Skal arbeide for at lokal og global misjon skal bli ein integrert del av heile kyrkjelydens liv.

Kjelde: kyrkja.no

---

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Misjonsliv