Religion

Arbeidstilsynet held oppe vedtak mot Strand kyrkjelege fellesråd på Jørpeland

DEN NORSKE KYRKJA: Fellesrådet i Strand må rette opp i 11 av 12 pålegg dei fekk frå Arbeidstilsynet. Sjølv etter å ha klaga, er advokaten nøgd med vedtaket.

I ei tid kor fysisk besøk ikkje gjekk an, gjennomførte Arbeidstilsynet eit såkalla postalt tilsyn, basert på skriftleg dokumentasjon, med Strand kyrkjelege fellesråd i Rogaland.

Grunnen: «Å kontrollere korleis Strand kyrkjelege fellesråd arbeider med helse, miljø og tryggleik i organisasjonen og korleis dei handterer den pågåande konflikten i Jørpeland kyrkjelyd» heiter det i Arbeidstilsynets forklaring.

Tilsynet konkluderte med 12 «reaksjonar». Etter at fellesrådet klaga på grunngivinga som låg bak desse, har 11 blitt ståande.

Innan 22. april må Strand kyrkjelege fellesråd mellom anna:

  • Utarbeide ei rutine for varsling om kritikkverdige forhold.
  • Sette i verk rutinar for handtering av konfliktar.
  • Dokumentere at verneombodet har tilstrekkeleg opplæring.

Eitt av punkta har blitt justert etter Arbeidstilsynets første rapport.

I ein tidlegare versjon av denne artikkelen stod det at Strand kyrkjelege fellesråd får medhald i at Arbeidstilsynet har brote god forvaltningsskikk. Det stemmer ikkje at heile saksbehandlinga var i tråd med god forvaltningsskikk. Sjå presisering nedi saka.

Advokaten: – Uvanleg og oppsiktsvekkjande

I klagen som fellesrådet og advokaten førte for Direktoratet for arbeidstilsynet, bad dei om dokumentasjon på kva faktiske forhold vedtaka bygde på, og ville ha grunngiving for dei spesifikke lovene som var brukt.

Advokat Alexander Aas i KA Arbeidsgiverorganisasjon for kirkelige virksomheter meinte at forvaltningslova ikkje var følgt godt nok, og at rapporten bar preg av «slett saksbehandling».

– Strand kyrkjelege fellesråd er veldig godt nøgde med vedtaket etter behandlinga i arbeidsdirektoratet no, skriv advokaten i ein e-post.

– Direktoratet omgjorde fleire pålegg og konstaterte vidare at Arbeidstilsynet har brote god forvaltningsskikk i behandling av saka. Det er uvanleg og oppsiktsvekkjande. Fellesrådet blei også tilkjent sakskostnadene, fortel Aas.

Arbeidstilsynet presiserer at klageinstansen, Direktoratet for arbeidstilsynet, har slått fast at saksbehandlinga var i samsvar med forvaltningslovas krav, og at vedtaka bygde på faktiske forhold og relevante reglar.

---

Tilsyn med Strand kyrkjelege fellesråd

  • Desember 2020 starta Arbeidstilsynet ei undersøking av fleire forhold ved fellesrådet i Strand kommune i Rogaland.
  • Det dreia seg mellom anna om HMS, konflikthandtering, opplæring og varslingsrutinar.
  • Rapporten stod klar for eit drygt år sidan. Då klaga fellesrådet ved advokaten på saksbehandlingsmanglar og manglande grunngiving for tiltaka.
  • Tilsynet gjekk føre seg samtidig som ei langvarig personalkonflikt fann stad i staben til Jørpeland kyrkjelyd.
  • I januar 2022 konkluderte Arbeidstilsynet med at 11 av 12 reaksjonar framleis blir ståande.
  • Fellesrådet har fått medhald i at Arbeidstilsynet har brote god forvaltningsskikk i deler av saksbehandlinga.

---

No kjem endringar

Direktoratet vurderte at «god forvaltningsskikk» ville tilsagt at Arbeidstilsynet kunne grunngive eitt av pålegga nærmare, presiserer Arbeidstilsynet. Det ville sett verksemda i stand til å forstå vedtaket betre.

No opplever fellesrådet at ønsket om konkrete lovheimlar, utgreiing av dei faktiske forholda og grunngivingar har blitt møtt.

– I klagen opplyste fellesrådet at ein ønskte å følgje alle pålegga som blei givne, men at det var viktig å forstå vedtaka for å følgje dei opp på ein god måte. Dette er i stor grad etterkomme i behandlinga av klagen, skriv Aas.

– Fellesrådet vil følgje opp pålegga for å ha alle rutinar i orden.


Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion