Jørpeland var blant Rogalands best besøkte kyrkjelydar. Så skjedde det noko

Ein folkekjær prest blir fjerna. Ein kyrkjelyd står igjen utan svar. I ei bygd i uvisse oppstår eit sterkt engasjement – og spekulasjonar om kva som kan ha skjedd bak lukka dører.

Religion

Det er vanskeleg å sjå for seg at det knyste, opne kontorlandskapet i Jørpeland sentrum er utgangspunktet for ei sak med bråkete dimensjonar. Innboksane og telefonane til Strandbuen-journalistane har gått varme det siste året.

– Har de ikkje vatna plantene?

Elin Moen Karlsen er innom redaksjonslokalet for første gong på... Ho kan faktisk ikkje hugse sist. Iallfall så lenge at ho er uroa for dei grøne vekstene som hadde hatt godt av litt meir omsorg frå redaktøren.

Det er stort sett frå sitt eige kjøkkenbord at den erfarne journalisten har jobba fram ei rekke saker som har skapt opprør i den vesle byen dei sjølv kallar bygd.

– Det som har skjedd, er opprivande for eit lokalsamfunn, seier Moen Karlsen.

Jørpeland

«Det» nådde kommunens lokalavis Strandbuen, og offentlegheita, i juni i fjor. «Det» var beskjeden om at soknepresten Bård Boye tok permisjon. Sidan har saka, og lesarinnlegga, rulla.

Ryktene gjekk om at fråveret hans var ufrivillig. Kva hadde skjedd?

Teieplikt, personvern og personalsak var svara folk fekk då dei spurte kvifor den alltid så tilstadeverande presten blei borte «over natta». Vårt Land har besøkt småbyen ved foten av Idsefjorden i Rogaland – som aktar presten sin, men ikkje veit heilt kvifor han forsvann.

Jørpeland

Det synlege soknet

Den grå betongklossen ved innkøyringa til Jørpeland sentrum havna på avisa Dagens topp 20-liste då «Noregs styggaste kyrkje» skulle bli krona i fjor. Men utsjånaden kan ikkje ha hindra ho noko nemneverdig.

I landets mest kyrkjeaktive bispedømme, Stavanger, er Jørpeland nemleg ei av forsamlingane som har peikt seg positivt ut dei siste åra.

«Nokre kyrkjelydar klarar å trekke fulle hus», konstaterte Stavanger Aftenblad for to år sidan. Jørpeland blei omtalt som ein suksess. I kyrkja blir konfirmantane igjen etter konfirmasjonstida, frivillige stillar opp, givartenesta er høg og kvardagsarbeidet levande.

Eller kanskje «var»?

– Ein må kunne kalle kyrkja synleg, og kristenlivet her aktivt, fortel journalist Elin Moen Karlsen, som sjølv er oppvaksen i pinserørsla i bygda.

Jørpeland

Dei siste åra har ho sett Jørpeland kyrkjelyd ta positive grep for lokalmiljøet, arrangere kulturkveldar og samarbeide med andre forsamlingar.

– Eg opplever at kyrkja har fått eit breiare nedslagsfelt. Blitt meir folkeleg, fortel journalisten.

Folk ho «aldri trudde skulle gå i kyrkja» har følt seg heime. Det trur lokalreporteren at sokneprest Bård Boye har mykje av æra for.

– Han var annleis enn dei tidlegare prestane. Som òg var topp, altså! Men ein kan kanskje skildre han som litt meir karismatisk, litt meir lausriven frå det nokon kanskje forbinder kyrkja med: traus liturgi og faste rammer. Det har Bård Boye rista litt i.

Jørpeland

I løpet av vinteren og våren har Vårt Land samtala med fleire i og rundt kyrkja på Jørpeland. Kvar gong me har trykt noko om temaet, har personar frå lokalmiljøet rykka til tastaturet eller telefonen. Mange har ønskt å belyse saka frå den sida dei meiner er sann.

Ein personalkonflikt er, og skal vere, intern. Staben er liten, og teieplikta skal beskytte enkeltpersonar. Men denne konflikten har fått dimensjonar ut over kyrkjekontoret.

– Det er det at folk ikkje forstår kvifor presten blei flytta. Det opprører. Det rokkar ved rettferdssansen, seier journalist Elin Moen Karlsen.

– Kva gjer denne uvitenskapen med folk, trur du?

– Den gjer jo at det blir spekulert, ikkje sant?

Jørpeland

Kampens møtestad

797 personar står oppført som medlemmer av «Jørpeland Menighets Venner: Behold Bård Boye som sokneprest» på Facebook. Med gruppa som møtestad, medan pandemien har stengt ned andre arenaar, har nokon jobba iherdig for å reversere biskopens avgjerd.

Målet? Å få halde soknepresten på Jørpeland.

«Jeg personlig sendte 30 sølvmynter i form av ettkronestykker til biskopen med en lapp der det sto: «Takk for at du ble kvitt Bård-problemet», skreiv ein kyrkjegjengar i Strandbuen i februar.

Trass i ein underskriftskampanje, titals lesarinnlegg, fleire brev til kyrkjas maktpersonar, ei fakkeltenning, stopp i givarteneste og eit ras av utmeldte frivillige: Då biskopen i februar tilbaud Bård Boye ein ny arbeidsstad, var avgjerda endeleg.

I juni gav soknepresten beskjed om at han avslutta arbeidsforholdet sitt med Den norske kyrkja.

Karakteristikken «farisear» har fleire gonger blitt tileigna Stavanger-biskop Anne-Lise Ådnøy, på meldingar og telefon til henne. For mange på Jørpeland har ho blitt den store syndaren. I uvisse om forholda som ligg bak, ser kyrkjelydsmedlemmer sjefen gripe inn. Det har opprørt.

STAVANGER 08.03.2019: Min tro. Anne Lise Ådnøy er ny biskop i Stavanger bispedømme. Foto: Marie von Krogh

«Farisear» er nærmast mildt samanlikna med referansane til ideologiar dei færraste vil vedkjenne seg, som òg har dukka opp i omtale til og av henne, blir Vårt Land fortalt av fleire.

– Reaksjonane har vore sterke, og det har gjort inntrykk på meg, fortel Anne Lise Ådnøy.

Som biskop er ho arbeidsgivar til alle prestane i Stavanger bispedømme. Den store mobiliseringa til støtte for den populære presten på Jørpeland har vore umogleg å ikkje legge merke til. Også fordi den ofte har kome direkte til henne.

– Aktiviteten speglar eit sterkt engasjement for ein godt likt prest og ein levande kyrkjelyd. Ein blir fortvila over å ikkje få gjennomslag for ønskene sine, seier Ådnøy.

Nokre reagerer på at biskopen har tatt i bruk verktøya ein har som arbeidsgivar, fortel ho.

– Tonen blir prega av frustrasjon over at biskopen faktisk kan gjere dette. Opplevd maktesløyse kan spisse ein situasjon, held biskopen fram.

Jørpeland

Ser ein i Strandbuens spalter, eller storparten av innlegga i støttegruppa på Facebook, kan ein få inntrykk av at det rår éi meining om røynda på Jørpeland: Maktsystemet er skurken, presten er offeret.

– Men det finst to veldig ulike bilder av verda her. Det er nesten så ein ikkje trur folk snakkar om same sak, meiner Strandbuen-reporter Elin Moen Karlsen.

Dei tradisjonelles konspirasjon

Ei tre år gammal – skjebnesvanger – setning har blitt repetert og repetert det siste året. Det er ei av setningane biskop Anne Lise Ådnøy sa då ho presenterte seg i St. Petri kirke, like før ho blei utnemnt til biskop i Stavanger:

«Eg ser tendensar til at nokre vel sine eigne variantar av gudstenester. Me må ikkje la klubbane styre alt».

Formuleringa, som sto svart-på-kvitt i Stavanger Aftenblad i 2018, har gitt fleire i den livlige Jørpeland-kyrkjelyden – med den friare gudstenesteforma – bensin på teoribålet.

«Kan det være uenighet om liturgi og sanger i gudstjenestene, som ligger bak biskopens forflytning av en verdsatt prest? I så fall er begrunnelsen for at presten flyttes bare kamuflert som en personalsak», skreiv eit kyrkjelydsmedlem i Strandbuen.

Folk flykter fra Den norske kirke. Domprost Anne Lise dn¿y

I samtalar, i lokalavisa og i digitale flater har fleire forsøkt å forklare flyttinga av favorittpresten med den famøse setninga. Ingen makthavarar kan fortelje kvifor presten måtte bort – denne presten som har betydd mykje for mange, og vore avgjerdande for fleire sitt forhold til kyrkja på Jørpeland.

Teorien om liturgi-usemja blei etterkvart så sementert at biskop Anne Lise Ådnøy måtte gå ut og dementere, og no utdjupar ho:

– Det stemmer at eg sa dette i ein presentasjon saman med dei andre kandidatane, før eg var utnemnt til biskop. Det blei sagt i ein litt spissa situasjon, og kom ut feil. Til avisa (Stavanger Aftenblad, red. anm.) har eg seinare halde fram at konflikten på Jørpeland frå mi side ikkje har noko å gjere med usemje om liturgi, seier Stavanger-biskopen.

Me skriv juli 2021, og Bård Boye har slutta. Ein ny vikarprest tar over i august. Men det har allereie skjedd ein skade i forsamlinga.

Nok-punktet

– Skulle eg brukt to ord om dette året, ville eg sagt «ufatteleg tragedie», seier ein tydeleg oppgitt kyrkjegjengar i knallblå allvêrsjakke.

Lars Meling Hultin har søkt ly for vestlandsregnet i det historiske, men nyrenoverte, organisasjonshuset ved brygga i sentrum. I årevis har strandbuen (som også er namnet på lokalbefolkninga) vore ein profilert og engasjert lokalpatriot. Han har tilhøyrt kyrkjelyden i 45 år, heilt sidan han sjølv konfirmerte seg i 1976.

Trass i dei sprikande meiningane om liturgi i kyrkja hans, har den sterke fellesskapskjensla i forsamlinga vore eit «nav» i livet.

– Eg har ikkje fått stjerner for oppmøte kvar sundag alle desse åra. Men kyrkjefellesskapet, og husgruppa, har alltid vore eit viktig haldepunkt, fortel 60-åringen.

Jørpeland

Å einast i usemja, er ein verdi Meling Hultin har klamra seg prinsippfast til som kyrkjegjengar. No veit han ikkje lenger om dette er ei forsamling, eller ein organisasjon, han kan høyre til.

Det finst eit «nok-er-nok»-punkt for tålmodet hans: Å sjå det han meiner er dårleg leiarskap, i fleire ledd, gå ut over eit enkeltmenneske.

– Det er ufatteleg tragisk at me som kyrkje, som eigentleg skal hjelpe dei som treng det, og vere opne så folk kan kome inn og bli tatt vare på... At me skal bruke all vår energi på å slåst med kvarandre.

– Det kyrkja har brukt av ressursar på advokatar, og tid på «merakkels», har gått på bekostning av å vere til stades for menneske, og stå saman om ei livskraftig forsamling. Det hadde me jo.

Hultin virkar oppriktig uroa når han tenker på korleis bråket i Jørpeland menighet må sjå ut for folk utanfrå. Særleg for dei som står på terskelen til å vurdere om kristendommen, for eksempel gjennom kyrkjeleg konfirmasjon, er noko for dei.

Jørpeland

– Tenk at målet tidlegare var å sprenge 300-grensa for gudstenestebesøk. No er det eigentleg å berge kyrkjeyden.

Tysdag denne veka tok også soknerådet ordet. På kyrkjas nettsider og Facebook signerer to av medlemmene under eit innlegg som manar til forsoning.

– Soknerådet meiner at biskopen si avgjerd om å omplassere presten var uheldig for kyrkjelyden, men respekterer fullt ut avgjerda. Det er soknerådet si oppgåve å drive arbeidet i soknet vidare, uansett kven som er prest, seier soknerådsleiar Odd Bjerga.

– Me trur at det kyrkjelyden treng no, er at nokon tek til orde for forsoning og samarbeid. Me oppmodar til å finne minnelege løysingar for å kunne legge striden bak oss, seier Bjerga.

Saka er ikkje over

Det har runga høgt frå støttespelarane til sokneprest Bård Boye. Klangen har treft langt – opp til preses, i Vårt Land og Dagen og Stavanger Aftenblad – og til kjøkkenkontoret til lokaljournalist Elin Moen Karlsen på Jørpeland.

Hennar namn har stått på flest av Strandbuens artiklar om kyrkjekonflikten det siste året, så ho kjenner godt dei som har tatt prestens avskjed tyngst, og kjempa for å halde på han.

– Så har du «dei andre», som er litt som ei manet. Dei glepp litt mellom fingrane på deg, seier ho.

Jørpeland

«Dei andre» er dei som held kyrkjelydens kjerne fram som det viktigaste. «Dei andre» blir sintare og sintare på Strandbuen jo fleire meiningar imot kyrkjesystemet, leiinga og avgjerda dei trykkar. «Dei andre» stolar på at biskopens avgjerd er grunngitt og riktig, og vil halde fram som kyrkjelyd.

– Det er det som gjer det så komplisert for oss. Den eine sida ropar så «grævlig» høgt, mens den andre ikkje vil seie noko. Og så klagar dei på at dekninga ikkje er balansert, seier lokalreporteren.

– Då spør eg dei: «Ja, men kan du seie det, då? Så kan me skrive det?» Ei avis kan ikkje «kanskje muligens» ha høyrt meiningar, og trykke dei.

Fråveret av «dei andre» er synd for debattens del, synest Moen Karlsen.

– Folk er redde for å få hovudet sitt hogge av viss dei stikk det fram, seier ho, og sukkar.

Ho ser at ei polarisering har oppstått, iallfall på internett. Reporteren kallar det «med-eller-mot Bård» – sett på spissen. Om ein ytrar noko anna enn ei hardnakka støtte til soknepresten, er du «mot», tolkar ho.

Jørpeland

Sjølv den rutinerte reporteren, som har jobba tett på kjelder i lokalmiljøet i denne saka, forstår ikkje den fulle rekkevidda av ho.

– Det har vore vanskeleg å få tilgang til informasjon. Me blir stengt ute frå møter, og får ikkje innsyn. Då ringer det bjeller i journalisthovudet mitt.

– Saka er ikkje død, for å seie det sånn. På nokon som helst måte, seier Moen Karlsen i midten av mai.

Bare dagar etter ho har sagt det, avslører Strandbuen tolv brot på arbeidsmiljølova frå eit tilsyn Arbeidstilsynet har hatt på Jørpeland. For lite HMS-kompetanse, uoversiktlege roller og manglande rutiner for konflikthandtering er blant det avisa bringer.

KA, som representerer fellesrådet som arbeidsgivar, har klaga rapporten inn til direktoratet. Dei meiner vedtaka ikkje er tilstrekkeleg grunngitte eller dokumenterte etter forvaltningslova.

Som eg tidlegare har peikt på, ber Arbeidstilsynets rapport preg av slett saksbehandling. For eksempel peiker rapporten på at medlemmene av arbeidsmiljøutvalet ikkje har fått opplæring, trass i at medlemmene ikkje eingong er oppnemnt, fordi opprettinga av utvalet er eitt av pålegga tilsynet gir. Det vil sjølvsagt bli etterkome, fortel seniorrådgivar og advokat Alexander Aas i KA.

Dansen på Titanic

– Det er som om båten er på veg til å synke. Me ser vatnet, men me snur oss bort og seier: «Neidå! Dette går bra! Me bare dansar på dekket og latar som ingenting».

Parallellen til suksessfilmen Titanic blir dratt i både ironi og alvor. Det er ikkje første gong Lars Meling Hultin samanliknar handteringa av Jørpeland-situasjonen med Oscar-vinnaren frå 1997.

No som konflikta har pågått eitt år, og trådane byrjar å samle seg, har følgande frustrasjon blitt overskrifta for kyrkjegjengaren: Det har konstant mangla ein plan.

Jørpeland

Det har forvirra, både han og kyrkjelyden. Og gjort ein vond situasjon verre, trur Meling Hultin.

– I kyrkjelydsbladet, på gudstenester, i skriv, på møter eg har deltatt på... Alle ser at situasjonen er alvorleg, men ingen seier eit pip. Det har vore totalt fråver av informasjon.

– Viss det er det som er planen ovanfrå – at det ikkje skal vere nokon plan – då er eg ikkje bare uroa for Jørpeland. Då er eg uroa for heile Den norske kyrkja.

Det hastar med ein plan, slik Meling Hultin ser det. Biskopen, prosten, KA – «kven som helst» – må ta grep og vise leiing for å få reparert ei skadd forsamling. Dei må peike ut steg for steg framover, på veg mot ro og forsoning, meiner han.

Lokalpatrioten er uroa for at det ikkje går om det ikkje skjer kjapt. Norkirken Strand er allereie etablert, ein Normisjon-kyrkjelyd utanfor Den norske kyrkja. Der har fleire som går, og jobbar i, Jørpeland kyrkje meldt interessa si.

– Situasjonen i kyrkja vedrører noko av det mest djuptgripande i deg som person. Om to i kommunestyret er ueinige, så er det politikk. Men dette er det me har bygd liva våre på, dette me trur på.

Jørpeland

Det som har fått rettferdssansen til Meling Hultins til å rykke kraftigast, har vore den nemnte rapporten frå Arbeidstilsynet: Den som, slik den står no, viste at kyrkjeyden hans ikkje blei driven etter lovar og reglar.

– Då er det ikkje lenger eit spørsmål om me stolar på biskopen eller ei, men om me kan akseptere at kyrkja vår blir driven etter norsk lov eller ei.

Ifølge KA er ikkje rapporten knytt til personalsaka som sådan, men er ein gjennomgang av rutiner som fellesrådet har knytt til oppfølginga av arbeidsmiljøet.

– Eg vil oppmode Hultin til å lese rapporten kritisk, vurdere alvorsgraden i pålegga, og avvente direktoratet sin konklusjon før påstandar om korleis fellesrådet utøver arbeidsgivaransvaret sitt, seier KA-advokat og seniorrådgivar Alexander Aas.

– Det er for øvrig ikkje dramatisk å få nokre påpeik frå Arbeidstilsynet. Etter totalt 7.841 tilsyn hittil i år har tilsynet gitt 7.701 reaksjonar fordelt på 39 prosent av verksemdene, så dette er ganske vanleg, held han fram.

– Er det ei slik kyrkje eg vil vere medlem i?

—  Lars Meling Hultin

Mangelen på informasjon har vore ein av Lars Meling Hultins største frustrasjonar det siste året. Det har spelt ei rolle i kvifor saka har blitt så stor, og opprørt sånn, trur han.

– Det er vondt å gradere, men det er verkeleg ein av grunnane til at det har gått så galt. I kyrkjelyden var me kanskje ikkje einige alt frå før – og hadde ulike syn på liturgi og så vidare – men me sto i lag.

Hadde nokon stilt seg opp framfor forsamlinga; i kyrkja, på eit Zoom-møte, eller i eit skriv, og konstatert at dei var i ein krevjande situasjon, ville ikkje saka vekt så sterke reaksjonar, trur Meling Hultin. Hadde fellesskapet blitt leia, ville folk gått vegen vidare i lag.

Jørpeland

Biskopens kommunikasjonskanal til kyrkjelyden er soknerådet, understreker Anne Lise Ådnøy overfor Vårt Land på e-post.

– Biskopen har i brev, pressemeldingar og samtalar med rådet det siste året karakterisert situasjonen i kyrkjelyden som både utfordrande og krevjande. Etter ferien tar biskopen opp att samtalane med rådet, og har godt håp om å halde fram med å jobbe konstruktivt i lag, skriv biskopen.

Tillit og teieplikt

– Soknerådet har ikkje tilgang på meir informasjon enn den som har kome fram i media og via pressemeldingar. Biskopen har vore på besøk i arbeidsutval og sokneråd, men då for å lytte, og forsikre om at dei jobbar med ei personalsak. Den har dei ikkje kunna gå inn i detaljar på, seier soknerådsleiar Odd Bjerga.

Det finst med andre ord ikkje noko informasjon soknerådet har halde tilbake, fortel han.

– Me har kome med nokre uttalingar som går på dialog om løysingar, og har jobba vidare med det, seier Bjerga.

Leiar Tor Jan Aarstad i Strand kyrkjelege fellesråd seier at han forstår medlemmene sine ønske om å få vite kva som skjer. Men det går ikkje.

– Dersom me som arbeidsgivar hadde gått ut og handsama denne saka i full offentlegheit, ville det vore det motsette av å ta leiarskap, seier Aarstad.

Alle har rett til å seie meininga si, men det kan vere verdt å tenke gjennom kva grunnlag ein har for å meine noko.

—  Tor Jan Aarstad, Strand kyrkjelege fellesråd

Å ta leiarskap som arbeidsgivar handlar om å styre etter lovar og reglar i arbeidslivet, held fellesrådsleiaren fram. Der er teieplikta, og personvernet til dei tilsette, bærande prinsipp.

– Me kan ikkje fire på dette, sjølv om kyrkjelydens medlemmer har mange relevante spørsmål, og sjølv om enkelte med høgt stemmevolum forventar fullt innsyn i personalsaker.

Aarstad har òg ei oppmoding til media: Pressa burde bli flinkare til å stille kritiske spørsmål til det han kallar «openbart urimelege innsynskrav» som blir fremja i avisa. Han synest det er beklageleg at konflikta har blitt ei mediesak.

– Eg skulle ønske at alle involverte og berørte – både tilsette, rådsmedlemmer, kyrkjelydsmedlemmer og politikarar – hadde sett seg tent med at saka blei løyst internt, slik spelereglane legg opp til.

– Alle har rett til å seie meininga si, men det kan vere verdt å tenke gjennom kva grunnlag ein har for å meine noko i ei sak kor det naudsynleg er mykje ein ikkje veit, og kor den eine parten er bunden av lovpålagt teieplikt. Å opprette og delta i Facebook-grupper som gir uforbeholden støtte til éin part, er eit eksempel på noko eg opplever som lite konstruktivt, held Aarstad fram.

Trondheim 28.03.2019
Kirkemøte i Trondheim 2019. Her fra torsdagen. Biskop Anne Lise Ådnøy, Stavanger
FOTO: JOAKIM S. ENGER

Situasjonen i Ryfylke-kyrkja har mange lag, slik biskopen ser det. Saka har også ei lang historie. I samtalar med Vårt Land brukar fleire formuleringar som at biskopen no har «kome utanfrå» og «tatt presten». Det kjenner ikkje Ådnøy seg att i.

Eg har eigentleg ikkje forståing for den måten å omtale situasjonen på, seier biskopen.

Tenesteordninga, lovane om kva det å vere biskop inneber, seier at biskopen har eit ansvar for kyrkjelydslivet i alle sokn, og at biskopen er arbeidsgjevar for presten, understreker Anne Lise Ådnøy.

Eg vil oppmode til å ta ansvar for ikkje å bringe vidare rykte og spekulasjonar, men fokusere på kva som er tenleg for kyrkjelyden no.

—  Anne Lise Ådnøy, Stavanger-biskop

– På den måten er biskopen også ein del av leiinga i lokalkyrkja, og er ikkje nokon som «kjem utanfrå». Det er sjølvsagt mange saker der soknet si demokratisk valde leiing skal ha siste ordet, men arbeidsgjevarsaker er ikkje blant dei.

– Kvifor får kyrkjelyden vite så lite? Kva trur du det kan føre til?

– Når saka ikkje er offentleg, er det ikkje til å unngå at feilinformasjon blir spreidd og oppfatta som fakta. Eg vil oppmode til å ta ansvar for ikkje å bringe vidare rykte og spekulasjonar, men fokusere på kva som er tenleg for kyrkjelyden no, seier Ådnøy.

Krava om offentlegheit har vist lite forståing for personvernet og teieplikta oppi det heile, slik Stavanger-biskopen ser det.

– Biskopen si rolle er å vere ein ansvarleg arbeidsgjevar, og handla deretter.

Kor tid kjem slutten?

– Pågår denne saka endå? blir Strandbuen-journalisten spurt i slutten av juni.

– Eg trur på ingen måte at biskopen si avgjerd blir endra på. Eg trur heller ikkje at presten kjem til å ombestemme seg, skriv Elin Moen Karlsen frå ferie.

Jørpeland

– Kvifor har ei lokalavis skrive i eit år om noko som har rot i ei personalkonflikt?

– Det er ikkje personalkonflikta som er interessant. Det er handteringa og resultatet av ho, seier reporteren.

Også Lars Meling Hultin, kyrkjegjengaren som endå hadde eit håp, må få gjere opp status no. Presten han set sånn pris på er trass alt borte frå Jørpeland kyrkje for godt.

– Eg ønsker eigentleg ikkje å bryte ut av Jørpeland kyrkjelyd, men er særs lei meg for at det ikkje har kome innspel for å samle forsamlinga igjen. «Titanic-strategien» held fram.

Om han skal halde fram med å høyre til kyrkja er fortsett oppe til vurdering. Sidan sist me snakka har han stilt seg kritisk til det han meiner er kyrkjas utstrekte bruk av advokatar.

– Er det ei slik kyrkje eg vil vere medlem i? spør Meling Hultin seg.

Jørpeland

Det ser KA-advokat Alexander Aas på som eit paradoks.

– Hultin kritiserer fellesrådet for ikkje å drive etter norsk lov, samtidig som han òg kritiserer bruken av juridisk bistand. Det er eit stort paradoks. Som advokat for fellesrådet har eg ikkje behov for å forsvare plassen min i dette, men i krevjande personalsaker er det naturleg å knyte til seg spisskompetanse på arbeidsrett, svarar Aas.

Med det Hultin ser på som manglande leiing trur han situasjonen blir vanskeleg å reparere.

– Eg er sterkt fortvila, og håpar og ber om at det er mogleg å bygge opp igjen det som er øydelagt. Men det er ikkje mogleg utan ei klar leiing. Og den har i heile denne prosessen vore fråverande.

– Men det har skjedd under tidlegare.

– Spel på lag

Eit sokneråd med ulike meiningar prøver no å få kyrkjelyden til å einast igjen. Jesu bønn for disiplane, om at dei skulle vere eitt, står i kontrast til kva som har rørt seg rundt kyrkja det siste året, har dei skrive på Facebook-sida til kyrkja. Saka har ingen vinnarar, konkluderer dei.

– Personleg meiner eg kyrkjelydslivet i Jørpeland no er splitta på ein usunn måte. Det er ikkje bra for Guds rike og kyrkja sitt oppdrag, seier soknerådsleiar Odd Bjerga.

Mange av dei som før gjekk på gudsteneste, med givarteneste og frivillig arbeid i kyrkja, har no gått over til andre forsamlingar.

– Det vert opplevd vondt for dei som er igjen, seier leiaren.

Jørpeland

Odd Bjerga, som sjølv var ein del av interimstyret til den nye Normisjon-forsamlinga, håpar no at kyrkjelydslivet på Jørpeland kan spele verdifullt på kvarandre.

– Me må tenke heilskap. Kyrkja sitt arbeid har mange sterke sider, og tener lokalsamfunnet på måtar andre organisasjoner ikkje har høve til. På den andre sida driv òg frikyrkjer, misjonsorganisasjonar og andre viktig frivillig arbeid.

– La oss sjå på korleis desse ulikskapane kan utfylle kvarandre, heller enn å motarbeide kvarandre. Me må løfte blikket, og søke Guds rike først, seier Bjerga.

Vårt Land har vore i kontakt med Bård Boye, som er orientert om denne saka. Han vil uttale seg om saka ved eit seinare høve.

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Religion