Religion

Kvinna som endra Kyrkje-Norge

PIONÉR: Ingrid Bjerkås bana ikkje berre veg ved å bli Norges første kvinnelege prest. I kraft av kva menneske ho var, forandra ho òg kva ein prest kunne vere.

Denne månaden er det 60 år sidan den første kvinna avla ordinasjonsløftet sitt, og blei prest i Den norske kyrkja. Det var ei nesten 60 år gammal husmor som skulle brøyte veg for dei 36 prosent av presteskapet som kvinner utgjer i dag.

Då Ingrid Bjerkås blei ordinert i Vang kirke, var det så mange som møtte opp at kyrkja måtte plassere høgtalarar på utsida. Rundt 1200 personar kom til Hamar denne marsdagen for å støtte den kontroversielle ordinasjonen.

PIONÉR: Ingrid Bjerkås forlater Vang kirke som Norges første kvinnelige prest. Året er 1961. Biskop Kristian Schjelderup stod for ordinasjonen.

Frå livskrise til livskall

Nokon åpenbar pionér var ho kanskje ikkje. I lang tid levde Bjerkås eit aldeles normalt husmorliv på beste vestkant i Bærum. I ein alder av 50 år tok ho sine første steg inn på Teologisk fakultet (TF), i 1951.

Før dette kunne skje, måtte Bjerkås møte den djupaste krisa i livet sitt, ifølgje Aud Tønnesen i biografien om foregangskvinna. Møtet med andre verdskrig rysta tobarnsmora. Men etterkvart gav krisa henne «uante krefter og mot». Ei religiøs vekking, kallar Aud Tønnesen det i ein artikkel på TF sine nettsider. Kallet endra livet til Bjerkås, først som ei modig motstandskvinne. Fleire gonger stod ho opp mot naziregimet, og blei til slutt sendt til Grini fangeleir i eitt år.

Tilbake i det normale livet var ingenting normalt lenger. Ifølgje biografien trong Bjerkås å gjere noko nyttig, med kristentrua som kraft. Kallet førte henne først via sundagsskulen i Jar kirke, til TF. Sjølv ved den mest liberale teologiinstitusjonen «var mottakelsen heller kjølig», ifølgje Tønnesen.

KRAGE: Ingrid Bjerkås i sitt rette element – foran altertavlen, iført prestekrage.

Møtte massiv motstand

I tida rundt ordinasjonen av Bjerkås, erklærte seks av ni biskopar motstand mot at kvinner kunne vere prestar. Allereie sidan 1938 hadde prestetenesta på papiret vore åpen for kvinner, vedtatt av Stortinget, men med ein reservasjonsrett. Kyrkjelydar som ikkje støtta kvinner som prestar kunne motsetje seg å få ei kvinne til preikestolen sin. Då Stortinget underteikna FN sin konvensjon om kvinners politiske rettar (1956), blei denne retten fjerna. Då var det berre eit spørsmål om tid før den første ordinasjonen av ei kvinne.

Det blei biskopen i Hamar, Kristian Schjelderup, som fekk æra, og 19. mars avla ho ordinasjonsløftet i Vang kirke.

Vang kirke 19. mars 1961.
Ingrid Bjerkås, Norges første kvinnelige prest.
Her under ordinasjonen i Vang Kirke 19. mars 1961. Biskop Kristian Schjelderup foretar ordinasjonen.  
Foto: Aage Storløkken / Aktuell / NTB

Men det måtte tre utlysingar, uten mannlege søkarar, til før Ingrid Bjerkås fekk jobben som sokneprest for Berg og Torsken i Troms. I april 1961 flytta ho og ektemannen Søren nordover, til eit sokn nesten utan vegar. Bjerkås blei buande til mannen døydde i 1965, og blei høgt verdsett desse åra.

Det var ingen stjerneteolog som blei Norges første kvinnelege prest, men «i beste forstand en folkekirkeprest verdig», seier Aud Tønnesen i TF-artikkelen. 60 år etter ordinasjonen inspirerer Ingrid Bjerkås fortsatt, mellom andre politikar og kyrkjerådsmedlem Tove Karoline Knutsen.

Kirkemøtet 2020, lørdag 10. oktober 2020. Tove Karoline Knutsen

Bærumsbestemor i havgapet

Ti år gammal fekk Knutsen ein ny prest til den vêrharde øya si. Ei eldre kjøpmannsdotter frå austlandet, kledd i tweed og hatt, kom til ytre Senja for å leie kyrkjelyden. Ho var ein ekstraordinær prest, ikkje berre fordi ho var kvinne:

– Ingrid Bjerkås var noko anna. På ein heilt annan måte enn folk var vant med, følte dei seg sett og respektert av henne. Både var ho mild og moderleg, men ho hadde også pondus som prest, seier Knutsen.

– Folk snakkar enno om «ho fru Bjerkås».

Bærumskvinna var ein ordentleg folkekyrkjeprest, fortel dei som budde på øya då. Ho tok initiativ til eldresenter og realskule, og var med på 1. mai-feiring saman med arbeidarane i hjørnesteinsbedrifta. Bjerkås såg ikkje forskjell på «personleg» kristne og dei i kyrkjas ytterkantar.

Endra presterolla

Også mannen til Ingrid Bjerkås, Søren, har ei stjerne på Senja. Han blei til og med æresmedlem i husmorlaget, ifølge Knutsen.

– Han var veldig moderne, og tok seg av mykje av husarbeidet på den store prestegarden, kor det både var grisar og høner. Han støtta kona til å følge kallet som prest, og det er riktig å gi denne trygge og sindige mannen honnør.

Jobben Bjerkås gjorde, og den ho var, kan ikkje vurderast høgt nok, meiner Knutsen 60 år seinare.

– Eg vil seie at ho endra presterolla. Ho kombinerte det medmenneskelege med det teologiske, seier Knutsen.

kvinnelige prester vang kirke stine kiil saga og svanaug lindman

Fann motstandskraft i trua

Det går ei direktelinje mellom Ingrid Bjerkås og prest Stine Kiil Saga. 50 år og éin dag etter Bjerkås blei også Kiil Saga ordinert. Og i ti år har ho jobba i Haslum i Bærum, kor Bjerkås ligg gravlagd. Kiil Saga undrar seg over kvifor ikkje fleire i lokalmiljøet er stolte over Ingrid Bjerkås.

– Ikkje berre var ho den første kvinnelege presten, men ho var jo òg ei husmor frå Bærum som drog til Slottet for å kjefte på Terboven. Både i prestespørsmålet og i motstandskampen sto ho verkeleg opp for det ho meinte var rett. Ho var utruleg modig, seier Kiil Saga.

Ved å vere den første til å representere ei stor gruppe i presteembetet – kvinner – er ei oppmoding til mangfald noko av det viktigaste Bjerkås kan føre med seg i 2021, meiner Kiil Saga.

– Me er ikkje berre menneske ut frå kjønn, men også klasse og etnisitet og ein heil del andre faktorar. Bjerkås si føregangsrolle kan minne oss om at me må fortsette å spegle mangfaldet av medlemmar, også i presteskapet, seier Kiil Saga.

Stine Kiil Saga fotografert på Sagene

– Uheldig kamp om posisjonar

Sjølv om Bjerkås først og fremst blir rekna som ein pionér, er òg dei som ser henne som eit symbol på ei politisering av kyrkja. Ei av dei er lektor og debattant Sofie Braut. Utan at Bjerkås åleine er ansvarleg for det, meiner ho kyrkja etterkvart har blitt ein arena kor kampar om posisjonar og rettar mellom grupper finn stad.

– På den måten har ikkje kvinnekampen i kyrkja gagna oss, verken kvinner eller menn. Til ein viss grad har det tatt fokus vekk frå oppdraget om å forkynne evangeliet, seier Braut.

Når det å vinne terreng for særinteresser blir viktig, skjer det ein «energilekkasje», slik Braut ser det.

– Den radikale fellesskapstanken, som kyrkja kunne ha formidla inn i samfunnet, har i åra etter Bjerkås bleikna, seier Braut.

Sofie Braut

---

Kvinnelege prestar i Norge

  • I mars er det 60 år sidan første kvinne blei ordinert til prest i Den norske kyrkja.
  • Frå 1938 blei presteembetet åpent for kvinner etter ei lovendring, men vedtaket frå Stortinget hadde eit tillegg: Kvinner burde ikkje bli tilsett der kor kyrkjelyden ikkje ønskte det.
  • Då Stortinget signerte FN-konvensjonen om kvinners politiske rettar i 1956 blei tillegget fjerna. Det møtte motstand.
  • 3. mars 1961 fekk Ingrid Bjerkås ordinasjonsløyve av Kyrkjedepartementet, og blei ordinert 19. mars same år.
  • Kjelde: Store norske leksikon.

---

Har Bjerkås på sengekanten

Då Jørgen Johnsen og medstudentane på MF tok emnet Nyere norsk kirkehistorie, var det tre tema som peikte seg ut: Grunnlova, krigen – og Ingrid Bjerkås. Men pionéren fortener meir merksemd og beundring generelt, meiner 25-åringen.

– I allslags vêr betjente ho eit svært område, og var steintøff. Mange menn hadde nok gitt opp der ho ikkje gjorde det. Ingrid Bjerkås var som Posten: Ho skulle fram, og levde for å levere, seier Johnsen og ler.

Boka Ingrid Bjerkås skreiv sjølv, Mitt kall, ligg rett ved senga til prestestudenten. Men kallsopplevinga til kvinnelege prestar blir fortsatt tvilt på av enkelte i Kyrkje-Norge. Sjølv har han vikariert som prest i Nord-Troms, kor den læstadianske tradisjonen står sterkt, og ser haustens debatt om «reservasjonsrett» som eit teikn på at Bjerkås sin kamp ikkje er over.

Jørgen Johnsen - student på MF

Det Bjerkås starta på, eit meir representativt presteskap, er desto viktigare no som kyrkja er skild frå staten, ser teologistudenten. Med identitet som folkekyrkje skal ein vere kyrkje for alle. Då må samansetjinga blant dei tilsette vise nettopp det.

– Kyrkja handlar ikkje om «kom til oss, bli som oss», men «kom til oss», punktum. Viss me skal få fram at me har plass til alle, og heile livet, må me også signalisere at alle er velkomne – òg dei som fell utanfor den historiske normen, seier Johnsen.

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion