Nyheter

Støttar seg på ferdige svar frå toppen

Spørsmåla om korleis Den norske kyrkja skal vere organisert, 
er så kompliserte at grasrota slit med å henge med.

Det kan dei store, sentrale aktørane utnytte.

– Det kyrkjelege lokaldemokratiet kan bli svekka av engasjementet til store aktørar som Presteforeininga og den kyrkjelege arbeidsgjevarorganisasjonen KA. Dei som sit i sokneråda klarer nesten ikkje henge med. Slik har det kjentes når vi har diskutert høyringa i vårt sokneråd også, seier Gyrid Espeland.

Ho er nestleiar i Stavanger bispedømeråd og leiar i Eigerøy sokneråd i Egersund. I tillegg har ho vore styremedlem i KA i to periodar, og medlem av Kyrkjemøtet i mange år. Ho kjenner difor godt til organisasjonsstrukturen i Den norske kyrkja.

– Det er ein del medlemmar som ringer og spør om hjelp til å svare på slike høyringar, stadfestar kommunikasjonssjef i KA, Øyvind Håbrekke.

LES OGSÅ: Veteran kritiserer fragmentert kirkehøring

– Då er det naturleg for oss å gi innspel. Vi opplever at det blir stilt kritiske spørsmål til at vi hjelper våre medlemmar med å svare, men vi meiner at vårt engasjement er legitimt.

– Heng ikkje med

Korleis skal kyrkja vere organisert når ho no blir rive laus frå staten? Det er essensen i høyringa som 1.235 sokneråd, 435 kyrkjelege fellesråd, elleve bispedømmeråd og mange andre har fått svare på. Den såkalla «vegval-høyringa» ber om svar på 27 ulike spørsmål.

– Dette er ikkje for alle og ein kvar. Det har vore vanskeleg å setje seg inn i problemstillingane, uttalte Erik Haugen i Asker sokneråd til Vårt Land førre veke.

Også Gyrid Espeland har ­merka dette.

– Det er fort gjort å ikkje henge med, for desse spørsmåla er så vanskelege og litt rare. Livet i kyrkjelydane går føre seg lokalt og ikkje sentralt, og dei fleste i sokneråda er engasjert for det lokale. Dermed kan ei slik stor høyring ta litt luven frå medlemar i sokneråda.

LES OGSÅ: Enormt gruppearbeid skal gi ny kirkeordning

Skarpe motsetningar

Ein stor maktkamp som utspeler seg no, er om kyrkja skal ha ein stor administrasjon på kommunenivå med ansvar for dei fleste lokale funksjonane i den enkelte kyrkja, eller om denne «hovudadministrasjonen» skal vere på bispedømenivå, altså omtrent på fylkesnivå.

KA har tunge interesser i at administrasjonen skal vere på «kommunenivå», medan Presteforeininga og biskopar vil ha meir makt og mynde på eit meir regionalt nivå. Denne spenningen har sokneråda, som er kyrkjegjengarane sine næraste folkevalde, fått merke.

Får ferdige svar

KA sendte 30. april ut nyheitsbrev til sine medlemmar, som mellom anna sit i fellesråda (kyrkjeleg organ på kommunenivå), med mellom anna sekretariatets forslag til svar på dei 27 spørsmåla.

Presteforeininga la ut ressursmateriale til svar på høyringa på sine nettsider 27. mars. Her finn ein mellom anna ferdige svar som er forfatta av Presteforeininga sitt sekretariat.

– Det kan virke udemokratisk. Men her er alle aktørar. Difor er det ikkje unaturleg at store aktørar prøver å få gjennom sine posisjonar gjennom grasrota, seier Geir Møller.

Han er leiar for Kirkeansatte i Delta. Fagforeininga organiserer blant anna kyrkjelydssekretærar og kyrkjegardstilsette.

LES OGSÅ: – Forstår at dette er krevjande

Kirkeansatte i Delta er samd med KA og vil at den kyrkjelege hovudadministrasjonen skal liggje på kommunenivå. Møller fryktar difor for Presteforeininga si innflytelse på sokneråda.

– Prestane er dei einaste kyrkjelege tilsette som sit i sokneråda, og dei får dermed veldig stor makt og innverknad. Når eg les kommentarar og høyringssvar frå sokneråda, ser eg at mange av dei vil ha hovudadministrasjonen på bispedømenivå.

Øyvind Håbrekke i KA meiner at høyringssvara frå fellesråda viser at dei lokale råda er sjølvstendige og gjer sine eigne vurderingar.

– Men vi ser at ein del innspel blir brukt, og det gjer råda fordi dei då er einige i den delen av høyringssvaret dei brukar.

– Kan høyringa bli dominert av dei ressurssterke aktørane i staden for grasrota, som kyrkja eigentleg består av?

– Biletet så langt synes eg er at rådsmedlemmane ser ut til å gjere sine eigne vurderingar. Men det er ein balansegang her som vi som store aktørar må vere oppmerksame på.

– Open informasjon

Generalsekretær Ole-Johs. Huuse i Presteforeininga har ikkje oversikt over kor mange som kontaktar dei ved store høyringar. Men han har ikkje fått tilbakemeldingar om at det er eit «stort rush av folk som ber om høyringshjelp».

– I denne høyringa valde vi å leggje ut ressursmateriale på nettsida vår i full openheit. Det meiner vi gjer dette til ein ryddigare prosess. Dei som vel å lese det, kan nytte seg av det, seier han.

– Kjenner du til at folk spør om hjelp i slike høyringar?

– Det gjer eg. Og eg forstår at det blir gjort.

Huuse stadfestar at han kjenner til at fleire kontaktar KA og nyttar deira svar.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Bruke tid

Gyrid Espeland i Egersund meiner det gjeld å ta seg tid til å jobbe med saken i slike store høyringar, dersom medlemmane i sokneråda ikkje heng med i svingane.

– Det er reelle ueinigheiter om korleis Den norske kyrkja skal vere organisert i framtida. Då er det ein demokratisk rett og plikt å ta del i dette, også for dei store aktørane, seier ho.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter