Nyheter

– Forstår at 
dette er krevjande

Kyrkjerådet er samd i at spørsmåla om ny kyrkjeordning er vanskelege, men meinar 
lokaldemokratiet ikkje er truga.

– Dette er store og vanskelige spørsmål, og eg forstår at mange i sokneråda synes det er krevjande å svare, seier Gerd Karin Røsæg, som er fungerande direktør i Kyrkjerådet.

– Likevel trur eg ikkje det kyrkjelege lokaldemokratiet blir svekka av det sterke engasjementet frå dei store sentrale aktørane.

Den gedigne høyringsrunda om framtidig kyrkeordning er nyleg avslutta. Kyrkjerådet, som er Den norske kyrkja sin sentraladministrasjon, skal no handsame dei mange hundre svara.

LES OGSÅ: Kirkespørsmål er «vanskelige og litt rare»

Røsæg viser til at Kyrkjerådet i 2012 sendte ut informasjon til dei som sit i sokneråd og fellesråd om vegval-høyringa. Målet var å gi hjelp til spørsmåla om nyorganiseringa av kyrkja.

– Difor trur eg soknerådsmedlemma har nok basiskunnskap og kan sjå om dei er einig eller ueinig i hjelpestoffet dei får tilsendt frå store aktørar.

Følg oss på Facebook og Twitter!

– Bør aktørane halde seg for god til å fôre grasrota med ferdige høyringssvar?

– Det må vere opp til den ­enkelte organisasjon å vurdere, seier direktøren.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter