ANNONSE
ANNONSE
ANNONSE
ANNONSE

Som abonnent på Vårt Land får du:

Läs mer

Hareide: – Dei fleste IS-offer er muslimar

KrF-leiar Knut Arild Hareide lovar tøffare kamp for forfølgde kristne og andre undertrykte minoritetar verda over.

ANNONSE
ANNONSE

Nyhet

Då Opne Dører i Oslo i dag lanserte rapporten «World Watch List» om forfølging av kristne globalt, sa Hareide at «det er viktig at dette kjem fram, og vi vil følgje opp denne informasjonen».

Han sa også at den ekstreme islamismen er ei viktig forklaring på aukande forfølging av kristne i fleire land.

– Her skal vi ikkje vere naive, sa Hareide.

Men KrF-leiaren understreka at det slett ikkje berre er kristne som blir ramma av den ekstreme islamismen.

– Vi er forferda over IS. Vi må likevel hugse at dei som har møtt dei sterkaste utfordringane i møte med IS, er muslimar, sa Hareide.

LES OGSÅ: Kristenforfølgelse øker mest i verdens nest mest folkerike land

Nasjonalisme

Han takka Opne Dører for å setje søkelyset på religiøs nasjonalisme som ei årsak til forfølging i nokre land.

– Dette utfordrar også meg som partileiar i KrF. Eg er stolt over å kunna løfta fram den kristne kulturarven i Noreg. I eit muslimsk land må det vere lov å gjere tilsvarande med verdigrunnlaget der. Det avgjerande er så at respekten for enkeltmennesket er og må vere ukrenkeleg.

LES OGSÅ: Mener Sylvis innsamling er helt på kanten

Solid rapport

Politisk redaktør Hanne Skartveit i VG takka Opne Dører for ein solid rapport. Ho sa at det faktum at kyrkja her i landet lenge var ein maktfaktor «som prøvde å styre menneske sine liv», pregar førestillingane våre i møte med land der kristne er ein minoritet som blir forfølgde.

– Eg har ei polsk venninne som flykta frå Polen for mange år sidan. Ho likte den katolske kyrkja i Polen betre då kyrkja var i opposisjon enn no når kyrkja der er i ein maktposisjon som pregar lovgjeving mellom anna om abort, sa Skartveit.

LES OGSÅ: 13.000 kirker er ødelagt eller forlatt i Nigeria.

Millionglede

Integreringsminister Sylvi Listhaug noterte på si side gleda over at landa i det gamle Aust-Europa no er borte frå lista over land der kristne blir forfølgde.

Ho utfordra seint på fjoråret via Facebook folk til å gje pengar nettopp til Opne Dører som svar på at skodespelaren Kristoffer Joner i protest mot Listhaug starta Facebook-aksjon til støtte for Norsk Organisasjon for Asylsøkere (Noas). Ho deltok også då rapporten blei presentert i går.

– Eg fekk kritikk for innsamlinga til Opne Dører. Men eg er glad eg gjorde det. Eg er glad for at Opne Dører får 1,3 millionar kroner ekstra til arbeidet for forfølgde kristne. Aller viktigast er at media løftar fram kunnskapen, eg håpar media følgjer opp, sa Listhaug og la til:

– Dersom eg kan gjere noko for meir for å setje dette på dagsorden, så skal eg gjere det, eg er meir enn viljug, sa Listhaug.