Politikk

Dette er Midttømmes asylkrav til Listhaug

Ber regjeringa sjå i nåde til mindreårige asylsøkjarar.

Medan Norge låg i juledvale kalla landets ferske innvandrings- og integreringsminister inn til pressekonferanse. Etter at stortingsfleirtalet fann saman i to forlik; eit om asyl og eit om integrering, presenterte Sylvi Listhaug (Frp) 40 større og mindre endringar av lover og forskrifter for å stramme inn norsk asyl- og flyktningpolitikk.

Fleire biskopar i Den norske kyrkja likar ikkje det dei har lese i forslaga frå Listhaug:

– Møre biskop ser med uro på fleire av dei innstrammingane regjeringa foreslår, skriv Ingeborg Midttømme, biskop i Møre, bispedømmet innvandringsministeren kjem frå, i eit høyringssvar.

LES MEIR Jagland refser Listhaugs politikk

Uro

Midttømme er særleg uroleg for at «grunnleggande rettar for mindreårige asylsøkarar blir svekka». Listhaugs forslag inneber at alle einslege mindreårige som søkjer asyl i Norge berre skal få mellombels opphald fram til dei fyller 18 år. Då skal søknaden behandlast på nytt, men no som ein søknad frå ein vaksen.

– Det kan verke som departementet her er i ferd med å svekke «lengeværende barn-forskriften», berre eit år etter at forskrifta blei gjort gjeldande, skriv Midttømme. Mørebiskopen meiner mellombels opphald ikkje bør «vere norma for barn.

Ho er også kritisk til at Listhaug og regjeringa vil skjerpe krava for familiegjenforening, der ein mellom anna set fram krav om fire års arbeid eller utdanning før gjenforening kan finne stad.

– På generelt grunnlag meiner vi det er uheldig at kravet blir skjerpa, meiner biskopen.

LES MEIR Hareide: Ekstremveret Sylvi Listhaug har ikke løyet

Sårbare

Biskopen i Oslo er også kritisk til innstrammingane som gjeld retten til asyl og familiegjenforening, rettstryggleiken i samband med saksbehandlingsrutinar – og reglene for einslege mindreårige asylsøkjarar.

- Eg er særleg opptatt av at innstrammingsforslaga kan kome til å ramme dei mest sårbare sterkast: einslege mindreårige asylsøkjarar, menneske som er ofre for krigens lidingar og ikkje er i stand til å møte krava som no blir stilte, familiar som ikkje får leve saman, seier Ole Christian Kvarme.

Oslo-biskopen meiner forslaget om å berre gje mindreårige mellombels opphald vil hemme integreringa på sikt.

LES MER: Lager bibelnettside i protest mot Listhaug

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Politikk