Verdidebatt

Ap ønsker ikkje eit godt skulemangfold

FRISKULAR: Eg kjenner eg blir provosert av at Ap seier dei er for friskular, men samtidig kuttar i støtta, og gjer det nesten umogleg å drive dei.

No for tiden er det mykje snakk om friskular og om det skal få lov til å vere ein del av skule mangfaldet i Norge eller ikkje. Eg meiner JA. Under skulevalkampen var eg med på skuledebattar rundt om kring i heile Vestland fylke. Den eine skulen eg var på var friskulen Sygna. I debatten var det seks parti som møtte: Høgre, Venstre, Sp, Ap, Rødt og meg frå KrF.

Oda Bertine Bondevik Lie, nestleder i Vestland KrFU

Eit av temaene som var oppe i debatten var friskular. Det blir spurt om ein er for friskular eller ikkje. Det svarar alle i panelet ja til, inkludert representanten fra Ap. Dette er både feil, og dårleg gjort på vegne av alle elevane som sit i salen og høyrer på. For elevane som sit i den salen kjenner sjølve på kutta regjeringa gjer på friskulane rundt omkring i landet. Dei elevane Ap snakkar til ser på nyheitene og er usikre på om dei i det heile tatt får gå på deira skule neste år.

Me veit at elevar er ulike, og at dei difor ikkje skal pressast inn i den same A4-skulen til Ap

Blir provosert

Dagens regjering sitter og kuttar i milliardar til desse skulane. Skulane kan ende opp med å miste opp til 5-6 millionar kvar til tilskot for å driva skulen. Retten til å kunne velgje friskule blir kun for dei som har god råd, fordi realiteten er at det kjem til å bli dyrare å velgja desse skulane. Færre lærere i klasserommet, dårlegare utstyr, og dårlegare tilbod til dei som går på friskular. Det er det som er i vente. Den politikken Ap fører, er ikkje politikk som tilseie at Ap er for friskular.

Eg kjenner eg blir provosert av at Ap seier dei er for friskular, men samtidig kuttar i støtta til dei og gjer det vanskeleg og nesten umogleg å drive dei. Dei kan i det minste vere ærlege om eiga politikk. Dette er feigt gjort både overfor elevar, lærarar og andre tilsette på friskulane rundt omkring i landet.

Skulemangfald

KrF støtter opp om friskulane. Me ser kva verdi det har for foreldra, lærererane og ikkje minst elevane. Me treng eit mangfald i skulenorge. Me veit at elevar er ulike, og at dei difor ikkje skal pressast inn i den same A4-skulen til Ap. Elevane veit best sjølv kva opplæring, miljø og skule som er best for dei, ikkje Ap-politikarar.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt