Meninger

Legg ned kyrkjer

Kyrkjeverje Robert Wright i Oslo 
kan ikkje anna gjere enn føreslå 
å nedleggje kyrkjer.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Kyrkjeverja veit kva budsjett han har. Derimot ventar Wright med bråket om kva seks kyrkjer han vil føreslå tekne ut av bruk. Vi hugsar striden då Bredtvet kirke blei leigd ut til katolikkane.

Men han vedgår at det er for mange kyrkjer i sentrum. Det har han rett i. Lat oss ta eit døme: På den eine sida av Sofienbergparken ligg Sofienberg kirke, på den andre Paulus kirke. Begge er i bruk, i same kyrkjelyd. Paulus er for tida under oppussing, og all aktivitet skjer i Sofienberg. Sofienberg­ slit med store sprekkar i korveggane. «Det finnes ikke kommunale midler for å verne om byens gamle bygninger og kirker», skriv kyrkjelyden på heimesida.

For 25 år sidan gifta eg meg i éi av desse kyrkjene. Men sidan­ dei ligg så nær kvarandre, hadde­ vi gått til gudsteneste også i den andre­ kyrkja – og folk der lurte­ på kvifor vi ikkje gifta oss der. Det trengst verkeleg ikkje to sokne­kyrkjer med «tøffel­avstand» mellom.

LES OGSÅ: «Det er på tide at staten slipper taket i kirken»

Ruinar

Nedover i Europa blir kyrkjer nedlagde i stort tempo. På tre år, fram til 2013, blei det berre i Nederland stengt 676 gudshus. «I Storbritannia selges kirker til private utbyggere, og i Tsjekkia står de i ruiner», skreiv direktør Oddbjørn Sørmoen i KA i ein kronikk her i avisa for to år sidan.

Mange kyrkjelydar med ­ansvar for kulturskattar krympar og maktar ikkje vedlikehaldsutgiftene. Mange blir rivne, andre blir selde og gjorde om til kjøpesenter, restaurantar, bustader og lagerhus. «Bygg som ble bygget til Guds ære, er blitt skamferte eller ironiske fortidslevninger», skreiv Sørmoen. Mange land har ikkje offentleg støtte til truslivet, som Noreg har.

Sekulariseringa er på frammarsj. Folk bur andre stader enn før – i Oslo skjer utbygginga av nye bustader heilt andre stader enn i sentrum. Det er vekst i ­talet på katolikkar. Også på ­andre måtar skjer det demografisk endring. Fleire stader trengst det færre soknekyrkjer. Andre stader trengst det nye kyrkjer.

TRO24: «Bør verne kirker»

Identitet

Kyrkjebygga har vore gudstenestehus. Men kyrkje tårna har også markert identitet gjennom århundrer. «Vi har ikke slott og borger i Norge, men vi har kirkebyggene. Dette burde gjøre dem sammenligningsvis enda viktigere for oss enn for mange andre land», sa Sørmoen under ein kyrkjebyggkonferanse i Narvik sist månad.

Etterslepet i vedlikehald er ­gigantisk i verdas rikaste land – eller verdas dyraste, alt ettersom. Vi har, som Sørmoen påpeika, høvesvis langt færre verna kyrkjer enn Sverige og Storbritannia.

Banda mellom stat og kyrkje­ blir lausare, og kommunane skal bli større. Begge desse prosessane krev gjennomtenking av ansvar for kyrkjebygga. Kyrkjeverjene og fellesråda vil framleis vere avhengige av offentlege midlar.

Men kven skal finansiere kulturminnet, og kven skal skaffe­ midlar til gudslivet i ei framtid med nye ordningar? Det er fleire aktørar som kan ta ansvar eller fråskrive seg ansvar.

Ein del kyrkjer kan leigast ut til andre trussamfunn, gjerne slike som har kraft til å skaffe eigne midlar. I motsett ende kan vi ikkje ende opp som i andre europeiske land, der nattverden vert bytta ut med ein pub. Men kva som er akseptabel bruk blir det diskusjon om – grensa mellom det sakrale og sekulære kan ha endra seg.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Kultur

Skulle til dømes Sofien-
berg kirke i Oslo bli lagt ned som soknekyrkje, må det finnast annan­ bruk som sikrar dei store kvalitetane: God akustikk som er brukt til CD-innspelingar – og kyrkjekunst. For halvtanna år sidan fekk kyrkja nytt orgel.

Kyrkja kunne blitt kultur­kyrkje. Men det har hovudstaden. Jakob blei nedlagt som soknekyrkje for 30 år sidan og leigd ut til Kirkelig Kulturverksted. Men den harde kampen om finansieringa har vist at eit godt føremål ikkje er nok for å sikre inntekter.

Aps nye byrådsleiar, Raymond Johansen, gjekk i valkampen ut med løfte om å sikre Kulturkirken Jakob. Det var lett for han å gje støtte til ei viktig kulturkyrkje med mange kjende ­vener. Men påfallande nok skriv byråds­partia ikkje eitt ord om religions- og kyrkjepolitikk i fråsegna si.

Kva Raymond Johansen vil gjere for alle gudshusa i aktiv bruk i hovudstaden, veit vi ikkje. Og det vil kunne bli avgjerande. Sprekkane i korveggene i Sofien-
berg er ikkje åleine.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Meninger