Nyheter

Guds natur

Kunnskap om naturen kan gi mennesket større forståing og djupne i si religiøse tru. Mange av oss kunne trenge ein naturguide mot likegyldigheit.

Naturen er vår største kyrkje. Der kyrkjebygningane er fulle av utskjeringar, glasmaleri­ og annan biletkunst for å stemme­ sinnelaget vårt til Gud, har naturen­ blomstrar, fuglar og dyr.

Sjølv er eg svært glad i å vere ute i friluft. Men i det siste har det slått meg kor liten kunnskap eg faktisk har om skaparverket.

Særleg gjeld det botanikken. Det er ikkje mange viltveksande­ blomstrar eg kjenner igjen og hugsar namnet på.

Kunnskapen om fuglar er også på eit lågmål. Forskjellen på sivhøna og sot- høna ligg i det tåkegrå, for ikkje å snakke om alle småfuglane som eg kunne på rams som barn.

LES OGSÅ: «Å kjenne att natur er å vite kva vi er ein del av»

Ein kan le av dette. Somme har kanskje vanskar med å forstå problemet. Men eg har begynt å lure på om mangelfull kunnskap om naturen er ein trugsel mot eit rikare åndeleg liv.

Det er jo nettopp i naturen Gud har sett sine tydelege fotspor. Vi går glipp av mykje dersom vi ikkje evnar å oppdage dei.

Naturguide

Biolog og dagleg leiar for Pilegrimsfellesskapet St. Thomas i Valdres, Trond Øigarden­, er blant dei som hjelpe oss med dette. Han har skrive boka Naturguide for pilegrimer, med undertittelen Blomster, fugler­ og dyr i kristen tradisjon.

Mange­ av oss kunne trenge ein slik naturguide mot likegyldigheit. Øigarden går ivrig­ til verks, og tek blant anna for seg ei rekke mariablomstrar og olavsblomstrar, som har fått namn etter Jomfru Maria og Heilag­ Olav.

LES OGSÅ: Opplæringspris til Klimakonfirmanter

Særleg finst det mange plantar som etter kristninga av Noreg knyter seg til Jomfru Maria. Dei har gjerne vore brukte mot kvinnesjukdommar og til hjelp under fødsel og amming, skriv Øigarden.

Somme er også blitt assosierte med Jesu mor på grunn av vakre formar og fargar, samt god lukt.

Mykje av stoffet er basert på legender og bør ikkje nødvendigvis bli tatt for god fisk. Men det er interessant å sjå kor mange religiøse forteljingar som knyter seg til mange av dei flottaste plantane våre.

Jesu sveitte

Marikåpa er rett nok blitt brukt til alt frå medisin til spekulativ alkymi (gullmakarkunst). Kåpa spelar på bladforma, som kan minne om Jomfru Marias himmelkåpe, slik ho ofte er framstilt i kunsten.

Marianøkleblom kan minne om eit nøkkelknippe. I ei legende­ heiter det at Jomfru Maria kan låse opp det som er lukka og stengt. Bregnen marinøkkel skal ha den same verknaden.

Andre mariablomstrar er orkideane­ marisko (denne har også namn som Jomfru Marias gullsko og Hellig Olavs tøffel) og flekkmarihand, maskeblomsteren marimjelle og blomstrar som tiriltunge, gulmaure og soldogg.

LES OGSÅ: «Havboka vil leses og huskes i lang tid»

Legenda fortel at Jesus tørka sveitten med sistenemnte, då han gjekk lidingsvegen til Golgata.

Mens liljekonvallen ifølgje ei anna legende vaks opp der jomfru Maria gret sine tårer ved foten av krossen.

Fuglar i Bibelen

Øigarden skriv vidare om blomstrar som assosierer til Jesu auge, som øyentrøst­, forglemmegei og snøsøte. Plantar som har namn etter Heilag Olav inkluderer både olavsstake og olavsskjegg. Raudkløveren og kvitkløveren blir også lenka til den katolske helgenen.

Følg Vårt Land på Facebook og Twitter!

Nedslaget av kristent legende- stoff er med andre ord stort i den norske floraen. Øigarden skriv også om fuglar, fisk, insekt og dyr. Prosjektet starta visstnok med fuglar i Bibelen, og er utvida med legender, dikting, kyrkjer og kyrkjekunst. At til dømes pelikanen var eit Kristus-symbol, var nytt for meg.

Naturen treng ikkje å skilte med bibelske namn og referansar for å vere fantastisk. Poenget er å få auge på han, slik vi ofte ikkje gjer der vi strenar vidare i våre travle kvardagar.

No er det sein haust. Men kvar tur ut kan framleis bli ein pilegrimstur.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter