Kommentar

Engasjert kunst 
er den nye vinen

Klimakrise, flyktningkrise og omforming av det ­religiøse landskapet. Kunstnarane er samfunns­aktuelle igjen. Politikk og religion er in.

Bilde 1 av 2
Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Kunsten har alltid vore opptatt av brennbare og eksistensielle spørsmål. Å gå dit det brenn, er noko anna enn å springe etter­ brannbilar. Både kunsten og journalistikken fungerer best når ein evnar å løfte blikket og utforske si samtid, sjølv om dette kan gjerast med eit vell av ulike innfallsvinklar.

Det finst aldri ei eintydig retning i kunsten, og slik skal det heller ikkje vere. Likevel kan ein sjå nokre linjer som utviklar seg over tid. Ei linje eg har skrive mykje om her i avisa, er korleis religionen i større grad enn tidlegare er gjenstand for kunstnarisk handsaming, ikkje minst i film, teater og litteratur. I Noreg ser vi ei omforming av det religiøse landskapet som spelar inn i kunsten. Det opne klimaet gjer at forfattarane ikkje er redde for å gå inn i bibelsk stoff, heller ikkje for å skrive bønetekstar direkte vendt mot Gud. Forteljingane frå norske, muslimske miljø er også i ferd med å bli fleire.

LES OGSÅ: «Med disse låtene er Sigvart Dagsland best i landet»

Politisk vending

Parallelt med den religiøse vendinga i kunsten, ser vi også ei ny politisk vending. For kunstnarar i dag er det heilt naturleg å uttrykke­ ein politisk bodskap, anten det skjer i form av Aslak Borgersruds proforma-tango eller Espen Stuelands økokritiske essays.

Artisten og journalisten Borgersrud, kjent blant anna frå Gatas Parlament og som Dags- avisens «slask på Tinget», uttalte denne veka til Vårt Land at det ligg ei politisk haldning og ein politisk grunntanke i alt han gjer. «Jeg nekter å gå med på ideen om at musikere ikke skal blande seg i politikk. Hvis man først skal si noe, bør man ha noe å si. Det trenger ikke nødvendigvis være politiske slagord eller konkrete budskap, men på en eller annen måte forteller du gjennom låtene hvor du kommer fra og hvor du står i verden,» uttalte Borgersrud.

LES OGSÅ: Popartister protesterer mot flyktningpolitikk

Klimakrise

Forfattaren Stueland, ein av initiativtakarane til Forfatternes klimaaksjon §112, kom tidlegare i år med essaysamlinga­ 700-årsflommen. 13 innlegg om klimaendringer, poesi og politikk. I morgon held han eit miniforedrag på Litteraturhuset i Oslo om forholdet mellom poesi og klimakrise. I det same arrangementet snakkar forfattaren Aasne Linnestå om bindingane mellom poesi og politikk.

Ringrevane Jan Erik Volds og Egil Kapstads kunstnariske inngang til flyktningkrisa, føyer­ seg til det same biletet, som kunne utvidast med ei rekke yngre kunstnarskap, i tillegg til arrangement à la «Dugnad for flyktningene»-konsertar.

Norske kunstnarar vågar­ å vere samfunnsaktuelle og engasjerte, førti år sidan 1970-talet­. Det tyder ikkje at politikken først no piplar fram frå den kunstnariske gløymsla. At den politiske kunsten aldri­ har vore død, er sikkert. Ei utstilling på Kunstnernes Hus i fjor heitte Krigens skygge. Politisk­ kunst i Norge 1914-2014. Det politiske har alltid lege der, slik det religiøse også har lege i bakgrunnen. Forskjellen er kanskje at vi no kan snakke ope om politikk og reli-gion igjen, utan den snikande redsla for å bli brennmerka.

SE VIDEO: Flyktningene på havets bunn - i stein

Merkbare vindar

All kunst kan seiast å vere politisk. Og det kan fort bli reduserande både å trekke fram dette kjennemerket og å gi det til den mest eksplisitte­ kunsten, som i større grad risikerer å bli overtydeleg og datert. Men vindane merkast, den nye vinen kjem på nye flasker.

Den engasjerte kunstnaren unnskylder seg ikkje for at ho er til.

LES OGSÅ: Slik påvirker terroren oss - selv om den er langt unna

Følg oss på Facebook og Twitter!

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar