Normandie, juli 2016: Ein prest blir drepen med kniv i ei kyrkja.
Nice, juli 2016: 84 personar blir kjørt ned og drepne med lastebil.
Paris, november 2015: 89 personar blir slakta ned i eit konsertlokale.
Paris, januar 2015: 12 personar døyr i kommandoraidet mot satiremagasinet Charlie Hebdo.
Terrorangrepa i Europa, og då særleg i Frankrike, har det siste året vore spektakulære. Men terrorangrepet som blei markert sundag fekk ei heil verd til å sjå mot USA:
Mange døde
Fire amerikaske passasjerfly blei kapra 11. september 2001. To blei styrta inn i tvillingtårna i World Trade Center i New York, eitt inn i forsvarsdepartements hovudkvarter rett utanfor Washington medan det fjerde styrta på eit jorde i delstaten Pennsylvania.
Terroristane, som hadde sterke band til terrornettverket al-Qaida, drap 2.976 menneske i aksjonane som fekk vegg-til-vegg-dekning i globale medier.
Tel opp
At terror påverkar folk, også utover landegrenser, ja, det er kjent, seier Jørgen Aagaard, professor i psykiatri til videnskab.dk. Det som no er nytt, er at danske forskarar har lukkast med å påvise kor mange som blei ramma av terrorangrepa i USA. I Danmark.
– Det er heilt nytt.
Fleire diagnosar
Allereie i dei første vekene etter aksjonane i USA, byrja det å kome meir enn vanleg med pasientar til psykiatriske sjukehus i Danmark – om lag 20 ekstra diagnosar per veke.
Når det første året etter 11. september 2001 var over, talde danske psykiatriske sjukehus opp 400 fleire diagnostiserte enn året før, alle relaterte til 11/9.
Funna er presenterte i det anerkjende fagtidsskriftet American Journal of Epidemiology (AJE).
LES OGSÅ: Muslimhatende bestemødre viser oss et samfunn med angstanfall
Godt register
Ei dansk forskargruppe har gått gjennom data for perioden 1995-2012 frå Psykiatriske Centrale Forskningsregister, som har registrert all informasjon om alle diagnosar som er stilt på alle psykiatriske sjukehus i Danmark.
– Danskane har eit særs godt register. Dei kan hente ut data vi i Norge vil slite med å få ut grunna personvernreglar, seier fagleg leiar Atle Dyregrov ved Senter for Krisepsykologi til Vårt Land.
LES OGSÅ: Terror drepte flere før - likevel er vi reddere enn noen gang
Ukjent effekt
Den danske storstudien avdekkjer at terrorangrepa i USA påførte danskar – fleire enn vanleg – psykisk sjukdom.
– Terrorangrepet 11. september 2001 i USA påverka den fysiske og mentale helsa til amerikanarar kraftig, men effekten ut over USA er i stor grad ukjent, skriv dei fire forskarane bak studien, i tidsskriftet AJE.
22. juli
Sjølv om studien viser ei stigning på 400 diagnosar i løpet av eitt år, meiner dei danske forskarane at langt fleire landsmenn blei påverka dei dramatiske terrorangrepa for 15 år sidan. Vi har nok berre sett toppen av isfjellet i vår studie, seier dei.
No har dei starta arbeidet med ein ny terrorstudie: Korleis blei Danmark og danskar påverka av terrorangrepa i Norge 22. juli 2011? Kim Mannemar Sønderskov, forskar ved Aarhus Universitet, lettar litt på sløret:
– Her ser vi ein kraftigare påverknad enn 11. september-angrepet i USA, fortel han til videnskap.dk.
LES OGSÅ: Frykter sårbare minoriteter går til IS
Medias rolle
Neste steg for gruppa blir å sjå på andre store terrorangrep. Kva effekt har dei hatt på den psykiske helsa til danskar? Her skal dei også granske kva effekt den massive mediedekninga av terroraksjonar har.
Eit spørsmål er allereie formulert: Media krinsar ofte rundt motiva for terroren, er han religiøst eller politisk motivert – kva betyding har det for kvarmann?
– Det har vore ein sterk debatt om mediedekninga av terrorangrep, vi vil levere ein vitskapeleg input til den debatten, seier Peter Thisted Dinesen frå Københavns Universitet.
Mediepress
Atle Dyregrov ved Senter for Krisepsykologi seier nokre menneske utset eiga psykiske helse for fare når terror rammar.
– Dei blir sitjande i timesvis når dei konsumerer medieinntrykk. Dei som då slit kan bli dytta over ei grense, seier han til Vårt Land.
– Kva bør dei gjere?
– Her er det viktig å skjerme seg mot den massive mediedekninga.