Eit anna Israel

Det finst eit anna Israel enn det 
urovekkjande konfliktfylte. Landet 
er også eit økonomisk mirakel.

Den israelske vitenskapsmannen Daniel Shechtman møter media på Haifa Tecnion etter at han fekk Nobelprisen i kjemi i 2011. Han fekk prisen for å ha oppdaga kvasikrystallar, ein mosaikk-liknande struktur som forskarar tidlegare trudde ikkje fanst.
Publisert Sist oppdatert

For nokre dagar sidan fekk eg epost frå ein ven av Israel. Han skreiv at det positive synet hans på landet bygde på eit opphald på kibbutz for fleire tiår sidan. Han la til at mykje sikkert har endra seg.

Det er sikkert. Sidsel Wold fekk også sitt sterke ungdomsinntrykk av Israel forma på kibbutz. Men den svært Israel-kritiske boka hennar – Landet som lovet alt – minner, utan samanlikning elles, om Levi Fragells harde oppgjer med kristendommen han sjølv ein gong stod for – i boka Vi som elsket Jesus.

Innsendaren har framleis «barnetrua» på Israel i orden. Wold dreg opp alt som uroar og sukkar over at det landet ho ein gong elska, er i ferd med å gå tapt.