Kommentar

Raudt har mykje å takke Bjørnar Moxnes for, men gav han ingen nåde

Bjørnar Moxnes hadde fortent ein takk frå partiet sitt. Han fekk eit karakterdrap.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det var ein pressekonferanse utanom det vanlege på Stortinget måndag morgon, der Marie Sneve Martinussen varsla at ho hadde tatt over som fungerande partileiar i Raudt. Det vanlege ville vore at Bjørnar Moxnes stod der sjølv, sa kvifor han no hadde bestemt seg for å trekke seg som partileiar og svara på spørsmål om det. Viss andre i partiet skulle uttale seg, ville dei brukt tid på å skryte av den avtroppande partileiaren. Raudt valde ein heilt annan strategi.

Sneve Martinussen snakka på ein måte som meir likna ei valkampopning eller partileiars tale på eit landsmøte. Det toppa seg då ho siterte seg sjølv frå debatten om lakseskatten – som om ho var på ein annan pressekonferanse enn oss pressefolk.

I den første delen av pressekonferansen snakka Sneve Martinussen knapt om det pressa var innkalla til pressekonferanse om, nemleg at Bjørnar Moxnes på Facebook ein knapp time tidlegare hadde varsla sin eigen avgang. Der hadde han òg kalla solbrille-saka eit tjuveri. Derimot snakka den fungerande partileiaren om alle Raudts kampsaker og kva partiet ønska at den kommande valkampen skal handle om. Ho kalla seg òg «Raudts nye leiar».

Ført bak lyset av Moxnes

Då Sneve Martinussen fekk spørsmål frå pressefolka etterpå, vart det tydeleg at Moxnes sjølv ikkje hadde hatt så mykje val om han ville halde fram. Ho var nådelaus i skildringane av solbrilletjuveriet og løgnene Moxnes serverte etterpå. Ho tok så tydeleg avstand frå Moxnes sine handlingar at det heile likna eit slags karakterdrap.

Her vart vi nok ein gong minna om Raudts kommunistiske ideologi der kollektivet alltid går framføre individet. I mange andre parti ville ein i alle fall stilt spørsmål ved om det var naudsynt å ha pressekonferanse om ein sjukmeldt person. I Raudt såg dei ei moglegheit til å redde sitt politiske fellesskap.

Fallet til Bjørnar Moxnes er spektakulært og brutalt, og i lys av skandala er det lett å gløyme kva han har betydd for partiet

Ho gav mellom anna uttrykk for at ho var sint og skuffa over Moxnes, og at han – som ho sidan 2012 har samarbeidd nært med om Raudts modernisering – har ført henne og resten av sine nære medarbeidarar bak lyset. Det vil ta tid for Moxnes å byggje opp att tilliten. Han må stålsette seg på solbrillevitsar frå politiske vener og fiendar resten av karrieren.

Pressekorpset som sat i salen, var forbløffa over kommunikasjonsstrategien, men kanskje endå meir over korleis partiet i praksis allereie har ordna opp i kven som tar over etter Moxnes. Spekulasjonane om kven som skulle bli ny partileiar i Raudt, varte dermed ikkje i meir enn ein times tid.

Eit slags kupp

Raudts landsstyre har nemleg vald å konstituere Marie Sneve Martinussen som ny partileiar, og varslar at det ikkje blir noko nytt landsmøte før neste år. Med andre ord får Sneve Martinussen eit år i rolla som ny partileiar før partiet kan velje kven dei vil ha. Ein kan kalle det ein smart overgang eller ein kan kalle det eit kupp. Det vil i praksis gjere det umogleg å velje nokon andre. At Raudts Mímir Kristjánsson i tillegg varslar at han ikkje er kandidat, styrkar analysen om at Marie Sneve Martinussen på permanent basis no er Raudts nye partileiar.

Også her ser vi igjen Raudts ideologiske arv: sentralstyring og kompromisslause avgjerder.

Bjørnar Moxnes skal ha æra for at Raudt ikkje lenger er ei sekt. Han hadde fortent ei meir ærerik avslutning enn den han fekk av sitt eige parti i dag

Fallet til Bjørnar Moxnes er spektakulært og brutalt, og i lys av skandala er det lett å gløyme kva han har betydd for partiet.

Konkurrenten og rivalen Audun Lysbakken omtalte på Facebook det Moxnes fekk til på sine 11 år som partileiar som «imponerende greier». «Det siste tiåret har den sosialistiske venstresiden vokst, både SV og Rødt. Det viste seg å være rom for fremgang for begge», skriv Lysbakken. Dei leia kvart sitt parti på venstresida i omtrent same tidsrom. Få månader skilde partileiarkarrierane deira i lengde og tidsrom. Skryten frå Lysbakken er heiderleg, men fortent. Bjørnar Moxnes hadde fortent ein liknande omtale frå sitt eige parti.

Hadde fortent ei meir ærerik avslutning

Det var Bjørnar Moxnes som fekk ting til å skje med Raudt. Han forstod at partibygging handla om mannskap. Han bygga profil etter profil rundt seg. Utan Bjørnar Moxnes hadde norsk politikk neppe hatt så sterke Raudt-namn som Mímir Kristjánsson og Sofie Marhaug på Stortinget. Moxnes dyrka så godt i hagen av politiske spirer, at den står i full bløming den dagen han sjølv ikkje skal halde fram.

Det nyt mellom anna Marie Sneve Martinussen no godt av.

Det er knapt mogleg å overvurdere kva politisk talent Bjørnar Moxnes har vore. Få har vist betre politisk teft og meir knallhard politisk disiplin enn han har gjort dei siste åra. Han har gjort kommunistane på ytste venstre relevant for store delar av folket. Mykje har handla om at han saman med flokken av unge Raudt-talent har klart å vinne sakseigarskap til spørsmålet om økonomiske forskjellar.

Bjørnar Moxnes skal ha æra for at Raudt ikkje lenger er ei sekt. Det er eit heilt rett av han å trekke seg tilbake no etter tjuveri og løgnar, men han hadde fortent ei meir ærerik avslutning enn den han fekk av sitt eige parti i dag.

Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar