Kommentar

«Asbury-vekkinga er ei realitetsorientering for ei pressa kyrkje»

For den lengtande kvardagskristne er det håpefullt og lindrande å lesa om vekkinga ved Asbury-universitetet i USA. Det finst ein livreddande frekvens tilgjengeleg for alle, og den set alt anna på vent.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Alle burde unna seg å dykka ned i Christianity Todays fyldige reportasje «No Celebrities Except Jesus», om vekkinga ved Asbury-universitetet i USA. Rapportane om såkalla «outpouring», altså eit heilt særmerkt åndsnærvær, ved det lite spektakulære universitetet i delstaten Kentucky sildra etter kvart også inn her heime. Til og med VG og NRK Oppdatert måtte til slutt laga saker om den åndelege unntakssituasjonen blant Gen Z som brått braut inn over campus ein heilt vanleg februardag.

Den lengtande kvardagskristne

Den som går vekkinga litt etter i saumane vil fort finna ut at her er ein verkeleg motkultur i aksjon. I seg sjølv er det tillitsvekkande at dette ikkje kvilte på velregissert marknadsføring eller scenevante «profilar». Rapportar fortel om «eit stille drag» i rommet, eit sterkt nærvær som ikkje treng ytre stemningsfaktorar som fancy musikk eller høglydte «amerikanske tilstandar» av noko slag.

Det er likevel tydeleg at dette er det kristne evangeliet, ikkje berre ei diffus kraft som kjem i spel. Det er Jesu eigen krossveg som brått gjer vesle Asbury til pilegrimsmål for titusenvis. Eit klokt bakkemannskap ved universitetet makta dessutan å verna om vekkinga så ho fekk vera i den forma ho kom: Eit uventa verk av Gud og ikkje ein prestasjon i menneskeleg regi.

Alle kristne bør i alle fall nytta sjansen til å løfta blikket, når gudsfrykt og åndsnærvær slår inn og breier seg utover ein stad. Når ungdom fell på kne og berre ikkje vil avslutta bønnemøtet må vi bli med inn i begeistringa.

—  Sofie Braut, gjestekommentator

For den lengtande kvardagskristne er det håpefullt og lindrande å lesa om slikt. Tilfellet ville dessutan at det som har spelt seg ut her heime, parallelt med historiene frå Asbury, er alt anna enn eit forsonande og «stille drag» med makt til å leggja gamle fiendskap i grav.

For Stavanger bispedømmeråd hjelper det ikkje at dei held seg til demokratiets gylne reglar, her får dei både lokal kulturelite og regionsavisa på nakken når avstemminga synte eit avvik frå det som er gjengs. Her vedtok dei eit streif av lokal sjølvråderett i tilsettingssaker, og om det aldri så mykje kan lesast av som eit tilløp til mangfald og lokal variasjon i ei kyrkje som verkar i overkant sentralstyrt, blir det bråk.

Vekking som set alt anna på vent

Ein av kulturelitens mest prominente representantar tok seg til og med bryet å henga ut fleirtalsfløya med namn og bilete på sin eigen facebook-vegg. Så trampa han i Domkyrkjebakken og forkynte at han aldri meir vil setja sin fot i denne kyrkja, fordi det i kyrkja finst to syn på ei sak der han berre har eitt. Både biskop og lokalpresse heiv seg på, og den som venta på eit overordna perspektiv frå dei med overordna ansvar, venta forgjeves. Etterspelet tener som illustrasjon på at partipolitikk i kyrkjeleg samanheng kjem med ein pris. Det er steile frontar og tøffe tak, og media kviler aldri. Korleis kjem ein seg vidare frå slike basketak? Er det noko hjelp i det stille suset frå studentane i Kentucky?

Vekkingssuset frå Asbury er slik sett ei realitetsorientering og påminning som varer ved sjølv om studentane no er tilbake på lesesal og i auditorium; det finst ein livreddande frekvens tilgjengeleg for alle. Det er ikkje ein invitasjon til verkelegheitsflukt, men ein sjanse til å kopla seg på det evige.

—  Sofie Braut, gjestekommentator

Alle kristne bør i alle fall nytta sjansen til å løfta blikket, når gudsfrykt og åndsnærvær slår inn og breier seg utover ein stad. Når ungdom fell på kne og berre ikkje vil avslutta bønnemøtet må vi bli med inn i begeistringa. Når trua sine grunnkategoriar dukkar opp til overflata og viser sitt formidable potensial for nytt liv, nye relasjonar og nytt livsmot, då kan alle truande unna seg ein kjærkommen pause frå tanken på at det eigentleg kjem an på oss. For ideen med den treeinige Gud, er vel nettopp at det ikkje dreier seg om oss. Det aller vakraste med vekkinga, er at folk rett og slett tek eit steg til sides og lar noko anna, noko større, sleppa til. Vekkinga gir eit innblikk i noko vesentleg ved trua: Ho kan setja alt anna på vent, gjera om på prioriteringar og skapa midlertidig trafikkaos. Trusfridom er ei anerkjenning av at målet i livet for mange ikkje er «business as usual» men noko som grip oss djupare og løfter oss høgare.

Realitetsorientering og livreddande frekvens

Dei siste knallharde oppgjera med kyrkja frå Stavanger Aftenblad (11/2) og Fædrelandsvennen (1/3), ser ut til å ha gløymt ei grunnleggande forståing for kvifor vi i det heile opererer med trusfridom som ein eigen kategori. Kultureliten kan på si side bruka makt, nettverk og latterleggjering for å påtvinga sin eigen agenda på kyrkja. Ein kan dvela litt ved ironien i at dagens farisearar ser ut til å ha blitt sekulære. På kvilelaus jakt etter brot på sirlege sekulærhumanistiske bod, rasar dei når det kristne livssynet viser seg ikkje å vera «reint nok» målt opp mot ein sekulær standard.

Aftenbladet klandrar Stavanger bispedømmeråd for å gå fram på ein måte som er lite ærerik. Fædrelandsvennen skuldar eigen biskop for å hamna på feil side av historia. Sjølv indignerte redaktørar har innsikt nok til å fanga opp ein annan ironi: Dersom kyrkja ein dag faktisk lever opp til deira krav og bod, då er ho kanskje ei foreining eller eit parti, men ikkje lenger kyrkje.

Vekkingssuset frå Asbury er slik sett ei realitetsorientering og påminning som varer ved sjølv om studentane no er tilbake på lesesal og i auditorium; det finst ein livreddande frekvens tilgjengeleg for alle. Det er ikkje ein invitasjon til verkelegheitsflukt, men ein sjanse til å kopla seg på det evige. Det set all annan aktivitet i sitt rette perspektiv.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar