Kommentar

Blackface på høglys dag

Det skadar det viktige arbeidet mot rasisme når brune superheltmasker i ein barnefilm blir uttrykk for eit strukturelt problem.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Black Lives Matter-rørsla har vore eit kjempeskritt framover for den sosiale rettferda til svarte menneske. «Du må ikke tåle så inderlig vel den urett som ikke rammer deg selv», skreiv diktaren Arnulf Øverland i det kjente diktet som først blei publisert i tidsskriftet Samtiden i 1936. Likevel, snart nitti år etter, er det framleis for lett å lukke kvite augelokk for strukturell rasisme i samfunnet. Det er blitt betre. Men det er framleis eit problem at kvite menneske ikkje evnar å sjå negative effektar av strukturar vi trudde var uproblematiske.

Difor skal vi vere på vakt og ikkje gå rett i skyttargrava når det kjem skuldingar om rasisme til dømes i bøker, filmar og teikneseriar. Vi skuldar å sette oss inn i den andre sitt blikk, og prøve å forstå korleis det som for ein kvit, norsk mann eller kvinne står fram som uproblematisk og kurant, kan opplevast sårande for menneske med ein annan hudfarge enn majoriteten.

Samtidig har det dei seinaste dagane kome ei rekke døme på kor vanskeleg det er å gå i rette med historia ved å modifisere og sensurere. Vi må kunne klare å ha to tankar i hovudet samtidig, som det litt slite heiter, nemleg å auke medvitet vårt om og endre på rasistiske strukturar i samtida utan å få moralsk panikk på vegne av historia.

Flaksande svev

Det er vanskeleg for mange å få problemstillingane i fanget. Gyldendal verka til dømes tannlause og unnvikande i møte med det britiske forlaget Puffins sensurinngrep i bøkene til Roald Dahl. Dei engelske rettigheitshavarane gjer hundrevis av endringar for at Dahls bøker skal verke mindre krenkande – pussig nok ved å endre eit ord som «tjukk» til «enorm», blant anna. Dansebandet Ole Ivars hadde rukke ein miniturné med «Nei, så enorm du er blitt» før Gyldendal slo fast at det ikkje var aktuelt å innføre endringane i dei norske utgåvene.

Vi kjem ikkje strukturell rasisme til livs ved å gå med korrekturlakk gjennom kunsthistoria

—  Alf Kjetil Walgermo, journalist

Heldigvis landa Gyldendal støtt til slutt, etter eit flaksande svev gjennom lufta. Sensur av gamle kunstuttrykk er ikkje vegen å gå. Kontekstualisering og medvitsauke – ja, definitivt! Små justeringar tilpassa vår tids språkbruk kan nok forsvarast i enkelte tilfelle, som med Astrids Lindgrens «negerkonge» som er blitt til «sydhavskonge» i nyare utgåver. Men dersom det forsvarlege grepet fører til ei rad med endringar av originaltekst, blir det fort vanskelegare å forsvare. I tillegg til å utøve vald mot tidlegare tiders kunstuttrykk, risikerer ein også å tilsløre meir enn å gjere rett.

Vi kjem ikkje strukturell rasisme til livs ved å gå med korrekturlakk gjennom kunsthistoria.

Rasistiske superheltar?

Etter ei nyhendemelding om at to av historiene til den berømte Donald-teiknaren Don Rosa ikkje lenger skal republiserast – trass i at dei er ein del av det store verket om onkel Skrues liv – blei det endå meir merksemd rundt nyhenda om at den norske animasjonsfilmen «Helt super» blei klaga inn for strukturell rasisme og mista gallapremieren sin ved den viktig filmfestivalen i Berlin. Den antirasistiske filmorganisasjonen ARTEF (Anti-Racism Taskforce for European Film) meiner ifølgje VG at bruken av mørkebrune løvemasker på dei kvite superheltane i filmen er «fremstillinger med røtter i en kolonistisk tankegang der svarte mennesker historisk har blitt umenneskeliggjort og sammenlignet med dyr». Dette perspektivet kom bardust på filmskapar Rasmus Sivertsen. Sivertsen er ein av Noregs fremste barnefilmregissørar, med filmar om Kaptein Sabeltann, Flåklypa og ikkje minst Dyrene i Hakkebakkeskogen på samvitet. Skulle samvitet no fargast mørkebrunt?

Eg har ikkje sett heile filmen, så eg skal vere varsam i vurderingane. Utfrå trailer og bilete frå filmen – det same grunnlaget som styringskomiteen ARTEF brukte – synest det likevel oversensitivt at ei løvemaske i ein superheltfilm skal kvalifisere til termen «blackface». Kan det vere mitt eige blikk som kvit nordmenn som lurer meg?

Klokt frå Antirastisisk senter

Blackface – altså det å framstille kvite menneske med svart maske eller ansiktsmaling – har ei lang og kronglete historie, men har meir og meir blitt eit symbol for ei nedsettande og latterleggjerande haldning til svarte menneske. Difor er blackface nesten aldri eit akseptabelt verkemiddel i vår tid.

Kampen mot strukturell rasisme må ikkje underminerast ved å rope blackface på høglys dag

—  Alf Kjetil Walgermo, journalist

Likevel er det eit spørsmål om det tener kampen mot strukturell rasisme når superheltmasker i barnefilmar får blackface-skuldingar mot seg. Heller ikkje leiaren for Antirasistisk senter i Noreg, Hatem Ben Mansour, kan forstå korleis ARTEF har sett rasismelampa blinke ved Rasmus Sivertsens film.

Det er klokt sett. Faren er nemleg stor for at velviljen overfor viktige strukturendringar i samtida blir mindre når det dukkar opp saker som synest urimelege.

Kampen mot strukturell rasisme må ikkje underminerast ved å rope blackface på høglys dag.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar