Kunst

Elska og utskjelt

Statens kunstutstilling, også kalla Haustutstillinga, er eldre enn parlamentarismen. Og ho har framleis ein demokratiserande effekt.

I morgon opnar Haustutstillinga, eller Statens 127. Kunstutstilling, på Kunstnernes Hus i Oslo. Utstillinga blei i si tid starta i protest mot borgarskapet som rådde grunnen i den etablerte kunstforeininga, Christiania Kunstforening. Ikkje ein einaste kunstnar sat i det mektige styret som sørgde for innkjøp og utstillingar i hovudstaden. Det var ikkje rart at kunstnarane tok sitt eige initiativ: Dei ville sjølv vere med på å bestemme i kunstnariske spørsmål.

Den første utstillinga blei arrangert i 1882, altså to år før parlamentarismen tredde i kraft i Noreg. 25 kunstnarar viste fram verka sine, blant andre Christian Krogh. Mange har sett det kjente portrettet av Johan Sverdrup, der ansiktet og hendene til Sverdrup trer fram i kontrast til dei intense svartfargane i resten av maleriet.

To år seinare blei Sverdrup Noregs første statsminister. Haustutstillinga var blitt til i protest mot det etablerte, men ikkje i større protest enn at styresmaktene kom inn med pengar. Utstillinga blei Statens kunstutstilling. I år er det altså den 127. i rekka.

LES OGSÅ: Performance-prest med bønner til Allah

Skapte rabalder

Trass i det statlege famntaket: Det har likevel ikkje slutta å storme rundt Haustutstillinga. Dei første åra var det særleg Edvard Munch som skapte rabalder med kontroversielle bilete utifrå dåtidas kunstsyn. Særleg «Det syke barn» førte til ein aldri så liten skandale i 1886, der mange som besøkte utstillinga meinte at Munch var gal. Opp igjennom historia har det vore stadige motutstillingar, og i 1956 ble utstillinga boikotta av unge modernistar.

I nyare tid har det vore stadige debattar om kor vidt Haustutstillinga har utspela si rolle eller ikkje. Slik diskusjonar er både forståelege og viktige, og det finst neppe ei einaste utstilling som ikkje kan kritiserast for det eine eller det andre. Temperaturen har vel likevel sjeldan vore like høg som i 1987, då Haustutstillinga skulle feire 100 år (utstillinga var stengt under andre verdskrigen). Den gongen måtte styret i Billedkunstfaglig Sentralorganisasjon måtte gå av etter å ha ønskt å stille ut berre inviterte kunstnarar, ikkje verk som blei sendte inn og vurderte av ein jury. Dette provoserte sterkt.

Tverrsnitt

Den frie innsendinga er ein heilt sentral del av Haustutstillinga. I år kom det inn heile 2258 søknader, som er blitt vurderte av ein nasjonal jury leia av den svenske, men Oslo-baserte, kunstnaren Vanna Bowles. Av dei innsendte verka har 107 verk/prosjekt komme gjennom nålauget. 82 kunstnarar eller kunstnargrupper er representerte, der 46 av dei er debutantar.

Ifølgje nettsida er eitt av dei viktigaste særtrekka at Haustutstillinga er open for ung eksperimenterande kunst. Målsettinga er mellom anna å gi eit tverrsnitt av samtidskunsten i Noreg i dag. Det er ikkje til å komme ifrå at dei Oslo-busette kunstnarane utgjer ein stor del av årets kunstnarar, nesten halvparten. Men dersom ein ser på fødestad, er biletet likevel mangefasettert. Spreiinga i alder, geografisk tilknytting og uttrykk er stor.

Prestisje

Er Haustutstillinga framleis relevant? Innhaldet i årets utstilling skal no saumfarast og vurderast av kritikarane. Men som «institusjon» er ho framleis viktig både for samfunnet og for kunstnarane sjølv. Det ligg framleis prestisje i å bli tatt ut til Haustutstillinga med kunstverket sitt. Og kvar får kunstnarane eit like stort publikum som her, med brei merksemd rundt kunsten sin?

Presten Gyrid Gunnes er ein av dei som skal delta på Haustutstillinga i år, med performancen «Bønner til Allah». Kanskje det kan stimulere til debatt. «Skandalar» à la Edvard Munch får vi nok neppe sjå.

Den nærmaste månaden skal både kunstnarar, kritikarar, skuleklassar, studentar og ålment interesserte få nytt innblikk i kva som rører seg i den norske samtidskunsten. Truleg vil det også dukke opp mange som elles sjeldan går på kunstutstillingar. Slik sett har også Haustutstillinga ein demokratiserande effekt; ho er eit skjeringspunkt mellom kunsten og folket.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kunst